Smaragd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Smaragdar)
Smaragd

Smaragd frå Colombia
Generelt
KategoriBeryllvarietet
Kjemisk formelBe3Al2(SiO3)6
Krystallsymmetri(6/m 2/m 2/m) – Diheksagonal dipyramidal
Einingscellea = 9.21 Å, c = 9.19 Å; Z = 2
Identifikasjon
Molekylvekt537,50
Fargegrøne tonar til fargelaus
KrystallformMassiv til velkrystallinsk
KrystallsystemHeksagonal (6/m 2/m 2/m) Romgruppe: P6/mсc
Kløyvuperfekt på [0001]
BrotMuslig
Mohs hardleiksskala7,5–8
GlansGlasaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til ugjennomsiktig
Spesifikk vektI snitt 2,76
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-)
Brytingsindeksnω = 1,564–1,595,
nε = 1,568–1,602
Dobbeltbrytingδ = 0,0040–0,0070
Ultrafiolett fluorescensIngen

Smaragd er ein særs kostbar edelstein. Det er ein ven, djupgrøn varietet av beryll. Fargen kjem av mindre mengder av krom eller vanadium.

Smaragdar var handelsvare på den tidlegaste kjende edelsteinsmarknaden, i Babylonia om lag 4000 fvt. Egyptiske gruver var hovudkjelda for smaragdar i den vestlege verda fram til 1500-talet, då finare kvalitetar frå Colombia etter kvart overtok. Colombia (Muzo, Chivor) er i dag den leiande produsenten. Blant dei større produsentlanda finst i tillegg Brasil, Zambia, Pakistan, Afghanistan, Madagaskar og Russland. Førekomstar er kjende i Noreg frå Byrud ved Minnesund (tidlegare gruvedrift). Særs gode smaragdar blir framstilt kunstig, men òg desse er kostbare.

Smaragdar vert vanlegvis fasettslipte og den vanlegaste forma er rektangulær eller kvadratisk (smaragdslip eller trappeslip).

I samansetjingar er namnet smaragd uheldigvis òg brukt om andre grøne edelsteinar, til dømes orientalsk smaragd (safir, korund), brasiliansk smaragd (turmalin) og uralsk smaragd (granatmineralet andraditt).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Smaragd. (13. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Smaragd