Smedholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smedholmen
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 15

Smedholmen eller Kjeholmen er ein holme i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Holmen ligg nordvest for Fitjar sentrum, aust for Engesund i Lambholmosen med Teløyno i nordvest og Fodno i nordaust og Stora Eldøy i sør.

Opphavleg høyrte holmen til Vestbøstad, som truleg brukte holmen til beite for kje. Garden på holmen er ikkje gamal og vart truleg rydda på siste halvdelen av 1600-talet. Han vart skuldsett som sjølvstendig gard i 1723.

Garden var husmannsplass under Vestbøstad til 1723, og høyrte derfor til Lysekloster i Os til 1875, då brukaren kjøpte garden av buet til godseigar Formann. Seinare har brukarane vore sjølvstendige fram til dei i 1975 selde garden til Fitjar kommune, som same året selde ho vidare til Staten.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya har eit areal på 0,23 km² og har ei grov hesteskoform med ei vik som vender ut mot nordaust. Øya er 750 meter lang frå sørvest til nordaust og litt over 500 meter brei på det breiaste. Sjølve garden ligg på vestsida av øya.

Det høgaste punktet på øya er 24 meter over havet.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Gardsnamnet har ikkje endra seg stort og vart i 1701 skrive Kidholmen, i 1732 Kieholmen, i 1745 Kiholmen og sidan 1890 som Kjeholmen. Garden vert òg kalla Smeholmen, Smedholmen eller Smedaholmen etter Peder Olai Olsen, som var smed her på byrjinga av 1800-talet.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

1801[1] 1900[2]
3 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar. 
  1. Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet