Smeerenburgfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Nord-Spitsbergen der Smeerenburgfjorden ligg ved Amsterdamøya.

Smeerenburgfjorden er ein fjord på nordvesthjørnet av SpitsbergenSvalbard. Fjorden er om lag 19 km lang. Han har fått namn etter kvalfangarstasjonen Smeerenburg som låg på Amsterdamøya på 1600-talet. Fjorden ligg på innsida av Danskøya og Amsterdamøya. Mellom Danskøya og fastlandet finn ein sundet Sørgattet inn mot fjorden. Likeeins leiar Danskegattet inn mot fjorden mellom Danskøya og Amsterdamøya. Den indre armen av Smeerenburgfjorden blir kalla Bjørnefjorden, her fell Smeerenburgbrea ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).
  • Store Norske Leksikon: Smeerenburg.

Koordinatar: 79°39′18″N 11°14′30″E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.