Smekkemaurfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smekkemaurfugl
Smekkemaurfugl
Smekkemaurfugl
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Smekkemaurfugl
Utbreiinga av Smekkemaurfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Fugleslekta Myrmeciza Myrmeciza
Art: Smekkemaurfugl M. longipes
Vitskapleg namn
Myrmeciza longipes

Smekkemaurfugl, Myrmeciza longipes, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er ein fugl som lever i den neotropiske regionen frå Panama i nord til det nordlege Brasil og øya Trinidad.

Dette ein fugl med preferanse for tett, tørr til fuktig underskog opp til 1300 moh. i Venezuela. Dei legg to eller tre egg i reir i eit tre, begge kjønna rugar.

Smekkemaurfugl er vanlegvis 15 cm lang og veg 26 gram. Dei har raudbrun overside og kvitaktig underside med kanel-gulbrun skyggelegging på flankane og nedre buk. Dei har ein lang grå supercilium, stripe over auge som går ned til skuldra. Dei rosa beina er lange og sterke, det reflekterer det bakkenære i livsstilen til denne arten.

Hannen har ein svart andlet, hals og øvre bryst. Hoa har ei mørkare krone, grå kinna flekker og små mørke flekker på vengene, og manglar svart på strupe og bryst som hos hannfuglen. Den nordlege underarten M. l.griseopectus har svarte flekker på vengene og grå sentral undersida hos begge kjønn.

Smekkemaurfugl er ein insetetar som lever av maurar og andre leddyr på eller nær bakken, iblant følgjer dei kolonnar av vandremaurar. Songen er lys, avtakande jir-jir-jir-jir-jir-jir-jir-jir-jir-jir-jir-jir, som endar med nokre få tju-tonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]