Smerz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Smerz er ein norsk elektronikaduo basert i København. Duoen består av Henriette Motzfeldt og Catharina Stoltenberg og starta i 2013.[1]

Dei gav ut EP-en Okey i 2016. Året etter signerte dei for det uavhengige plateselskapet XL Recordings.[2]

EP-en Have Fun kom ut i 2018 og blei nominert til Spellemannprisen 2018 i klassen elektronika.[3] Have fun består av åtte spor og fekk god kritikk då han kom ut.[4][5][6] Same året spelte duoen på Roskilde-festivalen[7] og Øyafestivalen[8].

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Okey (Hard Up/Escho, 2016)
  • Have Fun (XL Recordings, 2018)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dunkel duo fylt av Smerz», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 15. mars 2020 
  2. «Smerz Make Uncanny Electronic Pop That Sounds Like a Secret», Pitchfork (på engelsk), henta 15. mars 2020 
  3. «De nominerte til Spellemannprisen 2018 • ballade.no», ballade.no (på norsk bokmål), 8. februar 2019, henta 15. mars 2020 
  4. «Monoton moro», Klassekampen, henta 15. mars 2020 
  5. «Smerz: Have fun EP», Pitchfork (på engelsk), henta 15. mars 2020 
  6. «ANMELDELSE: Kontrasterne får frit spil i Smerz' univers», gaffa.dk (på dansk), henta 15. mars 2020 
  7. «Dunkel duo fylt av Smerz», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 15. mars 2020 
  8. kulturjournalist, Robert Hoftun Gjestad, «Smerz på Øya: Herlig utfordrende», Aftenposten, henta 15. mars 2020