Hopp til innhald

Smilodon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smilodon
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Kattefamilien Felidae
Stamme: Smilodontini
Slekt: Smilodon
Lund, 1842

Smilodon var ei slekt med store kattedyr i den utdøydde biologiske underfamilien sabeltannkattar (Machairodontinae). Dei er mest kjende for dei enorme hoggtennene sine, og har meir populært vore kalla sabeltiger eller sabeltanntiger (og tilsvarande på fleire andre språk). Desse namna er misvisande då dei ikkje var i nær slekt med tigeren.

Smilodon har berre vore funne i Amerika, men nærståande artar fanst også i Eurasia og Afrika. Det vi veit om dei tre kjende Smilodon-artane er basert på fossilfunn og det vi veit om nolevande kattedyr.

Smilodon
Smilodon og to skrekkulvar. Asfaltsjøane var dødsfeller, og i moderne tid eineståande funnstader for fossil.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]