Smith Island i Sør-Shetlandsøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 63°0′S 62°30′W
Smith Island
øy
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Koordinatar 63°0′S 62°30′W
Høgaste punkt Mount Foster
 - høgd 2 105 moh
Lengd 32 km
Areal 148 km²
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Smith Island i Sør-Shetlandsøyane is located in Antarktis
Smith Island i Sør-Shetlandsøyane (Antarktis)
Wikimedia Commons: Smith Island

Smith Island er ei øy som ligg 72 km vest for Deception Island i Sør-Shetlandsøyane. Ho er 32 km lang og 8 km brei og dekkjer 148 km².[1]

Oppdaginga av Sør-Shetlandsøyane vart først rapportert i 1819 av William Smith, som øya er kalla opp etter. Øya var kjend for både amerikanske og britiske selfangarar så tidleg som 1820 og namnet Smith har vore i bruk i over 100 år, sjølv om ho i russisk litteratur vert kalla Borodino Island.

Smith Island sett frå søraust.
Topografisk kart over Smith Island.

Det finst ingen forskingsstasjonar eller leirar på Smith Islands, og ho vert sjeldan vitja av vitskapsfolk eller fjellfolk. Det indre av øya er dominert av Imeonfjella som er opp mot 2105 meter over havet (Mount Foster). Øya vart først detaljert kartlagd av Antarctic Place-names Commission og Den militære topografiske tenesta i den bulgarske armeen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L.L. Ivanov. Antarctica: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4