Smithsundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 78°25′N 74°0′W

Smithsundet

Smithsundet (engelsk Smith Sound er eit sund mellom Grønland og Canadas nordlegaste øy, Ellesmereøya. Sundet er ein del av Naressundet og ligg nord for Qaanaaq og knyter Baffinbukta med Kane Basin. Det har namn etter ein av dei som reia ut Discovery-ekspedisjonen, skuta «Discovery» og William Baffin nådde Smithsundet i 1616.

Arkeologiske undersøkingar viser at dei fyrste busettarane rimelegvis kom til Grønland for ei 5000 år sidan, etter dei hadde kryssa Smithsundet frå Canada. Omkring 1200 innvandra thulefolket til området ikring Smithsundet. Dei kom direkte frå Alaska og er forfedrar til dagens grønlendarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]