Smolenskhøgdene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Smolenskhøgdene er eit langstrekt høgdedrag i Kviterussland og Russland med ei høgd på opp til 320 meter over havet.

Smolenskhøgdene er ein del av Den austeuropeiske sletta og er den austlege fortsetjinga av Det kviterussiske høglandet. Om lag ved Moskva går dei over i Moskvahøgdene, den austlege fortsetjinga. Sørvest for den russiske hovudstaden glir høgdene over i Det sentralrussiske høglandet.

Landskapet i Smolenskhøgdene er kjenneteikna av åsar og berg, som enkelte stader er gjennomskjært av djupe elvedalar.

Frå Smolenskhøgdene renn mellom anna elvane Desna, Moskva og Ugra. Dei største byane er Vorsja, Smolensk og Vjazma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]