Hopp til innhald

Snøbærslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snøbærslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Dipsacales
Familie: Kaprifolfamilien Caprifoliaceae
Slekt: Snøbærslekta Symphoricarpos
Duhamel

Snøbær, (Symphoricarpos) er ei lita slekt med om lag 15 artar av bladfellande buskar i kaprifolfamilien, Caprifoliaceae. Alle artane høyrer naturleg heime i Nord- og Mellom-Amerika, med unnatak av ein som ein finn naturleg i den vestelge delen av Kina. Namnet på slekta er avleidd frå gresk symphorein (συμφορειν) som tyder 'å bere saman' og karpos (καρπος) som tyder 'frukt'. Det viser til dei tettpakka bæra som arten har.[1]

Blada på planter i snøbærslekta er 1,5–5 cm lange, runde, heile eller med ein eller to foldar ved basis. Blomstrane er små, grøn-kvite til lilla, i små klasar på 5–15 hos dei fleste artane, enkelt eller parvise hos andre (e.g. S. microphyllus). Frukta er 1–2 cm i diameter, mjuk, varierande frå kvit (e.g. S. albus) til lilla (S. microphyllus) til raud (S. orbiculatus) og hos ein art (S. sinensis), svartpurpur. Når dei kvite bæra blir opna, ser frukta ut på insida som fin, sprakande korna snø.

Nokre artar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Everett, Thomas H. (1982). The New York Botanical Garden Illustrated Encyclopedia of Horticulture. Taylor & Francis. s. 3271. ISBN 9780824072407.
  2. «GRIN Species Records of Symphoricarpos». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. Henta 13. september 2011.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Snøbærslekta
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Symphoricarpos