Snøbriller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inuittiske snøbriller laga av reingevir, festa med band av reinsener
Inuittiisk snøbriller frå Alaska. Øvst eit par av tre frå 1880–1890, under av reingevir frå 1000–1800.

Snøbriller (inuktitut ilgaak eller iggaak, stavingsskrift ᐃᓪᒑᒃ eller ᐃᒡᒑᒃ, alaskayupik nigaugek, nigauget) er utstyr tradisjonelt nytta av inuittar og yupikfolk for å verna augo mot snøblinde.[1]

Vernebrillene blei tradisjonelt laga av rekved (særleg frå gran), bein, kvalrosstenner og reingevir,[1] eller i nokre høve strandgras.[2] Dei er skorne ut for å passa rundt fjeset til brukaren, med ei eller fleire utskorne smale horisontale spalter.[3] Brillene sit tett rundt fjeset slik at lys berre kjem inn gjennom spaltene, og av og til blir det brukt sot på innsida for å redusera gjenskin.[1][4][5] Spaltene er laga smale ikkje berre for å redusera mengda av lys som kjem inn, men også for å betre visus eller synsskarpleiken.[1] Vidare spalter gjev eit større synsfelt.[1]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Som med andre inuittiske ord finst det ulike nemningar ulike stader, som med inukhuk/inuksuk.[6][7] I Kivalliq blir dei kalla ilgaak (ᐃᓪᒑᒃ) medan dei på Nord-Baffinøya blir kalla iggaak (ᐃᒡᒑᒃ). Begge orda kan også brukast om solbriller.[8]

alaskayupik blir snøbruller kalla nigaugek, medan på cup'ig blir dei kalla igguag. På sibirsk yupik er nemninga iyegaatek.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Inuit Snow Goggles ved Vancouver Maritime Museum
  2. «Things Made from Grass». Arkivert frå originalen 14. november 2017. Henta 4. desember 2022. 
  3. Smithsonian Institution, St. Lawrence Island Yupik Snow Goggles Arkivert 2015-08-10 ved Wayback Machine.
  4. «Snow goggles helped Arctic people survive». December 2007. 
  5. «Yup'ik Snow Goggles». Smithsonian Institution. Arkivert frå originalen 29. november 2014. Henta 4. desember 2022. 
  6. «inuksuk». Asuilaak Living Dictionary. Arkivert frå originalen 15. juni 2020. Henta 22. november 2012. 
  7. Ohokak, G.; M. Kadlun; B. Harnum. Inuinnaqtun-English Dictionary. Kitikmeot Heritage Society. 
  8. Asuilaak Living Dictionary - snow goggles, arkivert frå originalen 14. april 2020, henta 4. desember 2022 
  9. Smithsonian Institution, St. Lawrence Island Yupik Snow Goggles Arkivert 2015-08-10 ved Wayback Machine.