Snøfokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sikta vert redusert i snøfokk under ein snøstorm.

Snøfokk, snøfok, drev (eller berre fok/fokk) er snø som i sterk vind vert virvla opp frå bakken i slike mengder at sikta vert dårlegare.

Frisk bris (omkring 10 m/s) vil føre til at tørr nysnø vil drive lågt over snøflata, gjerne under augehøgde. Ved stiv til sterk kuling (15-20 m/s) vil snøen virvlast høgt opp og gje sterk siktreduksjon. Snøkrona blir slipt til eit slags ismjøl som pakkar seg tett saman og gjev dårleg gli for skia. Snøfokk opptrer ofte saman med snøfall og medverkar sterkt til å auke faremomentet under fjellturar.

METAR-koden for snøfokk er BLSN, som står for engelske «blowing snow» (blåsande snø).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«snøfokk» i Store norske leksikon, snl.no.