Snøgås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Snøgås


A. c. caerulescens
A. c. caerulescens

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Anser
Art: A. caerulescens
Vitskapleg namn
Anser caerulescens
Snøgåsegg

Snøgås (Anser caerulescens, tidlegare Chen caerulescens) er ein fugleart i andefamilien.

Utbreiing og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Snøgåsa hekker nord for tregrensa på Grønland, i Canada, Alaska og det noraustlegaste Sibir. Arten vert delt opp i to underartar.

  • A. c. caerulescens: Lever i den vestre delen av utbreiingsområdet.
  • A. c. atlanticus: Er litt større og lever i den austre delen av arten sitt utbreiingsområde.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Arten opptrer i to fargevariantar, kvitt eller blågrått. Dei kvite er snøkvite unnateke vengespissane som er svarte. Den andre typa har blågrått som erstatning for kvitt unnateke hovudet, nakken og halespissen. Ungfuglen av den blå varianten er meir gråleg med lite eller ikkje noko kvitt. Både den kvite og den blå typa har rosaraude føter og legger, og lyseraud nebb.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Fuglane flyg sørover til dei milde delane av Nord-Amerika og overvintrar frå det sørvestre British Columbia i nord til Mexico i sør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]