Snøheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°17′38.9″N 9°21′2.8″E

Snøheim ved foten av Snøhetta.

Snøheim er ei turisthytte i Dovre kommune i Innlandet fylke, som ligg ved foten av Snøhetta.

Hytta vart bygd i 1952 av Den Norske Turistforening under namnet Reinheim turisthytte. I 1959 vart hytta teken over av Forsvaret i samband med utvikling av Hjerkinn skytefelt og endra då namn til Snøheim. I 2007 fekk Den Norske Turistforening hytta tilbake frå Forsvaret att, og ho er i dag bygd ut med 80 sengeplassar fordelt på to- og firesengsrom og sovesal. Transport til hytta går via skyttelbuss frå Hjerkinn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]