Snøhvitfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Snøhvitfeltet
Melkoya.jpg
Informasjon
Operatør Statoil
Produksjon Naturgass, kondensat og NGL
Tilknytt terminal Snøhvit LNGMelkøya
Funnår
Oppstart 2007
Geografi og geologi
Plassering Norskehavet, nordvest for Finnmark
Koordinatar 71°36′N 21°0′EKoordinatar: 71°36′N 21°0′E


Havdjupne 250-345 m m
Reservoarbergart Sandstein frå juratida
Rettshavarar
Statoil 33,53 %

Petoro 30 %
Total E&P Norge 18,40 %
GDF Suez E&P 12 %
Amerada Hess 3,26 %
RWE Dea Norge 2,81 %

Snøhvitfeltet er eit naturgassfeltnorsk kontinentalsokkel nord i Norskehavet, i petroleumssamanheng ofte omtalt som Barentshavet.[1] Det er det første gassfeltet som er utbygd i dette havområdet. Det finst ingen installasjonar på havoverflata, berre undervassinstallasjonar. Desse er konstruert slik at det er mogeleg for trålarar å tråle i området utan å skade verken installasjonane eller trålane.

Strukturane i undergrunnen omfattar sju ulike petroleumfunn som vert utnytta med ei sams utbygging av infrastruktur for produksjon. Reservoara vart kalla Albatross, Askeladd og Snøhvit. I tillegg til naturgass (193 milliardar kubikkmeter) vil ein utvinna noko NGL (5,1 millionar tonn) og naturgasskondensat (17,9 millionar kubikkmeter) frå feltet. Råolja i feltet skal ikkje utvinnast.

I alt skal det borast 20 brønnar som skal produsere gass frå dei tre reservoara. Ni av brønnane skal borast på Snøhvit-feltet, åtte for produksjon og ein for reinjisering av karbondioksid. Seks produksjonsbørnnar og CO2-brønnen vart bora i 2004 og 2005. Dei siste to skal borast i 2011. I tillegg vart det bora tre produksjonsbrønnar på Albatross i 2005 og 2006. Askeladd-feltet skal først i produksjon i 2014-2015.

Naturgassen vert ført til land gjennom ein 143 kilometer lang gassrøyrleidning til anlegget Snøhvit LNGMelkøya like utanfor Hammerfest. På Melkøya vert gassen prosessert og kjølt ned til flytande gass, LNG, før han vert frakta ut med skip. 21. august 2007 tok prosessanlegget på Melkøya for første gong imot gass frå Snøhvit.[2].

Dei første funna på feltet vart gjorde i 1984, medan utbygging vart godkjend først i 2002. Produksjonen byrja i august 2007.[1] Det vil etter planen gå føre seg utvinning frå feltet i om lag 30 år. Feltet er det femte største gassfeltet på norsk sokkel etter Trollfeltet, Ormen Lange-feltet, Åsgardfeltet og Ekofiskfeltet.

Statoil ASA er operatør for feltet. Eigarar av rettar til feltet er: Amerada Hess Norge AS 3,26 % Gaz de France Norge AS 12,00 %, Petoro AS 30,00 %, RWE Dea Norge AS 2,81 %, Statoil ASA 33,53 %, Total E&P Norge AS 18,40 %

Snøhvit LNG[endre | endre wikiteksten]

Prosessanlegget er det første av sitt slag i Europa[2] og Snøhvitfeltet skil seg frå dei fleste andre norske olje- og naturgassfelt på norsk sokkel på ei rad område:

  • Alt utstyr i produksjonsanlegget på feltet vert plassert på havbotnen, ingen oljeplattformar eller andre innretningar vert nytta på overflata. Det vert mogleg for trålarar å tråla over installasjonene.
  • Gassen vert ført i land gjennom ein røyrleidning utan prosessering
  • Oppløyst C02 i gassen vert separert ut, ført attende til feltet og ført ned i eit reservoar
  • Eigne skip er utvikla og bygd for transport av gassen (LNG) frå Melkøya til markedet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]