Snølykt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snølykt

Snølykt er ein konstruksjon av snø ein kan setja eit levande lys i.[1] Slike lykter er ofte pyramideforma bygningar av snøballar,[2] men kan også ha andre former og konstruksjonsmåtar. Med kram snø kan ein lett forma lykta som ein iglo. Med snø som er vanskelegare å forma kan ein laga lykt utan tak.[3]

Snølykt-festival[endre | endre wikiteksten]

Hirosaki i Japan har ein årleg vinterfestival ved Hirosaki-borga. Han er ein av fire vinterfestivalar i Tohoku-regionen, halden sidan 1977.[4]

I 1999 hadde festivalen 310 000 besøkande og omfatta 165 snølykter og 300 små snøholer.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Snølykt» i Det Norske Akademis ordbok
  2. «Pyssel: Snölyktor av is och snö» (på svensk). Örnsköldsviks startsida. 7. januar 2015. Henta 5. november 2015. 
  3. «Hvordan lage snølykt», Plusstid (på norsk), henta 7. desember 2020 [daud lenkje]
  4. «Hirosaki Castle Yuki-Doro Festival (Snow Lantern Festival) aptinet Aomori Sightseeing Guide», aptinet Aomori Sightseeing Guide (på engelsk), 16. mars 2015, henta 7. desember 2020 
  5. Anthony Rausch (1 June 2001). A Year With the Local Newspaper: Understanding the Times in Aomori Japan, 1999. University Press of America. s. 30–31. ISBN 978-0-7618-2050-5. Henta 18. februar 2013.