Snønipa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Snønipa
fjell
Snønipa.jpg
Snønipa i kveldssol mai 2006
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Jølster (Sogn og Fjordane)
Høgd 1 827 moh.
Primærfaktor 740 m
Lettast tilkomst Frå Haugastøylen.
Koordinatar 61°40′41″N 06°41′25″EKoordinatar: 61°40′41″N 06°41′25″E

Snønipa er det høgaste fjellet i Jølster kommune og Gloppen kommune og 1827 meter høgt. Fjellet ligg på vestsida av Jostedalsbreen i den bredelen som heiter Myklebustbreen, på grensa mellom Jølster, Gloppen og Stryn. Snønipa er ein såkalla nunatak, dvs. eit fjell som stikk opp gjennom ein isbre. Han er den høgaste delen av Myklebustbreen som med 57 kvadratkilometer er rekna som den sjuande største breen i Noreg utan om Svalbard. Frå toppen har ein særs flott utsikt over Myklebustbreen sine kvite flater og mot Jostedalsbreen i aust.

Tilkomst[endre | endre wikiteksten]

Frå toppen av Snønipa kan ein sjå nordover på Myklebustbreen.

Standardruta er frå Stardalen der det går kjerreveg opp Haugadalen til Haugastaulen (merkt sti vidare gjennom Oldeskaret til Oldendalen). Ca. 1 km innanfor Haugastaulen forlet ein ruta mot Oldeskaret, og ein går opp til tunga på Haugabreen og opp denne. Hugs at om ein skal gå på dalbreen Haugabreen, då trengst breutstyr. Ein går forbi, under, toppen og i ein nordleg bue før ein kjem inn mot toppen frå nordaust. Ei anna rute som er fin kring juni, er å starte frå Innvikdalen ved Prestestøylen. Der går ein opp eggen på Storlogpikjen, så på ski forbi Ceciliekruna og 2-3 mil over Myklebustbreen (Snønipbreen). Toppen tek ein her ogso frå nordaust opp til 1827 meterpunktet.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]