Snøskredet i Galtür i 1999

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit helikopter frå den amerikanske hæren hentar ut turistar frå Galtür 25. februar, to dagar etter snøskredet

Snøskredet i Galtür i 1999 var eit snøskred som fann stad i landsbyen Galtür i Austerrike 23. februar 1999. Det drap 31 menneske og var det verste snøskredet som hadde hendt i alpane på 30 år. Snøskredet nytta 50 sekund på ferda frå fjellsida til landsbyen.

På førehand var vegane inn til Galtür stengde grunna snøskredfaren i området, men folk i landsbyen rekna han likevel som ein trygg stad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]