Snøskuter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Snøskuter
Fritidskøyring med snøskuter i Alta.
Russisk snøskuter med oppvarma hytte.

Snøskuter, også skrive snøscooter (frå engelsk snow scooter), er eit beltekøyretøy styrt med frontmonterte ski. Beltemotorsykkel er den norske førarkortdefinisjonen på snøskuter.

Snøskuterar har som regel ein forbrenningsmotor kopla til eitt eller to belte av kevlararmert komposittgummi med kammer. Nokre eldre modellar kan ha to belte og ein ski. Eitt belte og to ski er mest vanleg i dag, men det finst òg modellar med to ski og to belte. Det er òg blitt laga snøskuterar med ein ski og eitt belte, desse blir kalla snowhawk (engelsk for 'snøhauk').

Snøskuterar er laga for å kunne brukast på is eller snø. Snøskuterar tar seg fram nærast over alt, og har derfor normalt ikkje behov for veg eller preparerte løyper.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dampsleen og snowmobile[1] var forløparar til snøskuteren.

Vintervegen mellom Alta og Karasjok gjorde det mogleg å oppretta ei snowmobile-rute. I februar/mars 1951 opna FFR ei rute mellom Alta og Kautokeino, og i 1951 opna fleire ruter i indre Finnmark.[2] Ruta Alta-Karasjok gjekk onsdag og laurdag, med anløp til fjellstovene Joatka og Mollisjok, og revolusjonerte livet på vidda. Likevel brukte snowmobilen nesten 8 liter bensin på mila, og FFR meinte at snowmobile-rutene måtte vurderast separat frå annan rutebiltrafikk. Dette ignorerte dei bevilgande styresmaktene. Resultatet blei høge billettprisar, og i mars 1955 la ruta Alta-Karasjok ned.[3]

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

I 2010 var det fem store snøskuterprodusentar: Polaris (USA), Ski-Doo (Canada), Yamaha (Japan / USA), Arctic Cat (USA), Suzuki (USA/Japan) og Lynx (Finland). Lynx er eigd av Bombardier, som også eig Ski-Doo.

Ulike typar[endre | endre wikiteksten]

Konkurransekøyring under verdsmeisterskapen i skutercross.

Det finst fleire typar snøskuterar. Dei vanlegaste kategoriane er sport/løype-, crossover/hybrid, laussnø- og arbeidsskuter.

Sports/løype-skuterar
Har den vanlegaste beltelengda på 307–327 cm og 35–38 cm breidde med knastar som vanlegvis er 32-44mm høge, men finst òg i 305 cm, 325 cm og 330 cm. Sports/løypeskuterar har vanlegvis litt forsterkinger i ramme og kraftigare støytdemparar for å takla kraftige ujamnheitar og hopp.
Crossover/hybrid-skuterar
Har eit middels langt belte som vanlegvis er ca. 345–665 cm, 38–42 cm breie og med knastar som er frå 32-52mm høge, desse er laga for å køyrast både på og utanfor løypem, og er derfor ein kombinasjon av løypeskuterar og laussnøskuterar.
Laussnøskuterar
Har ulike lengder på beltet, men alle har som regel eit langt belte oppimot 365 cm og lengre. Breidda er det same som på crossoverskuterne, men knastane er vanlegvis 51–65 mm høge for å få betre tak i snøen utanfor løype. Forstillinga er òg litt annleis enn sport/løype- og crossover/hybrid, det er kortare avstand mellom skia for å gjera skuteren meir lettmanøvrert og gjera det lettare å halda han på ein ski. Desse maskinane er ofte bygde med mindre kjølevolum, svakare/lettare ramme og vogn for å minimalisera vekt. Ein avart av desse er Asult/AC HCR-segmentet av maskinar som primært er bygde for bakkeløp. Dei har stivare belte (90 durometer) og betre, breiare frontfjøring, høgkvalitets demparar og forsterkingar på konstruksjonane.
Arbeidsskuterar
Har eit breiare belte på rundt 38–60 cm breidd og ei lengd tilsvarande laussnøskuterar, men med knastar tilsvarande løypeskuterar. Dette er for å få mest mogleg kontaktflate med snøen og flyta på han for å få gode trekkeigenskapar når ein sleper tung last.

Motor[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare hadde dei fleste snøskuterar ein totakts bensinmotor med forgassar. I seinare tid har firetaktsmotorar med og utan turbo blitt vanleg hjå alle fabrikantar. Dei totaktsmotorane som framleis er i produksjon er med få unntak svært avanserte med innsprøyting, tenning og sensorteknologi for å avgrensa forbruk og utslepp. Ein moderne snøskuter er underlagt svært strenge støy- og utsleppskrav, og det blir brukt store ressursar for å etterkomma desse slik at alle nye maskiner ligg under 70 dB. Dei blir bygde i lette materiale som aluminium, magnesium, karbonfiber og andre komposittmateriale. Dette gir ein moderne snøskuter svært lita eigenvekt, høg effekt (opp mot 150 kW standard) og minimal miljøpåverknad dokumentert i fleire forskingsrapportar frå USA, Canada og Svalbard.

Regulering[endre | endre wikiteksten]

Avhengig av kva land ein er i kan det vera forbode å køyra utanfor oppmerka eller godkjente område, utan hjelm, utan førarkort, med ein uregistrert snøskuter, eller under påverknad av alkohol eller andre stoff. Det kan òg vera reglar knytte til støy, natur og dyreliv.

Førarkort[endre | endre wikiteksten]

I nokre land krev ein førarkort for å kunna køyra snøskuter. I Noreg og Sverige krev ein til dønes eige førarkort for snøskuter. I Finland treng ein ikkje eige sertifikat for snøskuter dersom ein allereie har førarkort på andre køyretøy (til dømes bil eller traktor).

Dersom ein har førarkort for snøskuter utskrive i Noreg kan det brukast i Sverige, og omvendt. Det er då ein føresetnad at ein har vore fastbuande i det landet ein tok førarkort i, eller kan dokumentera studieopphald i landet på minst seks månaders varigheit i samband med utskrivinga.[4]

Snøskuter i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er køyring med snøskuter regulert av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag.[5] Denne loven kom i 1978 og blei revidert i 1988. Før innføringa av loven var det fri ferdsel i utmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Henry Fords snowmobile
  2. Foto av samekvinner og FFRs snowmobile, Finnmark 1958
  3. Sofie Stiberg: Joatkajavri fjellstue (s. 130), ISBN 978-82-303-3048-7
  4. Klasse S (snøscooter) | Statens vegvesen
  5. [2]Lovdata: Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag