Snaptun

Koordinatar: 55°49′14.063″N 10°2′50.734″E / 55.82057306°N 10.04742611°E / 55.82057306; 10.04742611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°49′14.063″N 10°2′50.734″E / 55.82057306°N 10.04742611°E / 55.82057306; 10.04742611

Snaptun.
Snaptunsteinen.

Snaptun er ein liten hamneby i Hedensted kommune i Østjylland, i Region Midtjylland. Folketalet var 482 i 2014. Frå Snaptun går det ferje til den 3,2 km² stor øya Hjarnø i innløpet til Horsens Fjord, og ferje til øya Endelave, ei 13,2 km² stor øy med store marine område i det sørlege Kattegat.

Snaptun er kjend for den såkalla Snaptunsteinen som vart funne i nærleiken i 1950 og vert tidfesta til åra kring år 1000. Dette er ein essestein (stein nytta i ei smie som vern for blåsebelgen). Det særeigne ved denne steinen er at eit portrett av guden Loke ser ut til å vere innrissa på han.