Snaptunsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snaptunstenen vert halde for å vere ei avbilding av guden Loke.

Snaptunsteinen er ein flat halvrund, tilhogd kleberstein med eit innrissa bilete av ein mustasjepryda mann på eine sida. Steinen vart funne i vatnet i nærleiken av den vesle hamnebyen Snaptun ved Horsens Fjord i Hedensted Kommune i Region Midtjylland i Danmark. Då steinen har eit hol som tyder på at han har vore nytta for å verne ein blåsebelg i ei smie mot varmen frå elden i essa, og den innrissa figuren er synt med attsydd munn, er figuren tolka som eit bilete av den norrøne guden Loke. Ifølgje Snorre Sturlasons Skáldskaparmál i Den yngre Edda fekk Loke munnen sydd saman etter å ha tapt eit veddemål med smed-dvergen Brok.

Guden Loke var den av gudane som hadde med smikunsten og elden å gjere. Han fekk dei smikyndige dvergane til å smi ymse saker til gudane. Difor kan det vere logisk at det er han som som har fått sitt bilete på ein stein som vert nytta i samband med at elden i essa skal få den rette høge varmen. Tuppen på blåsebelgen kan gje ei passe mengd luft til elden i essa gjennom holdet i steinen.

Snaptunsteinen er 20 cm høg, 24,5 cm brei og 7,5 cm tjukk. Han vart funne på vårparten i 1950. Ein reknar med at steinen kan vere frå tida ikring år 1000. Men då han ikkje låg på ein stad der han har vore nytta i gamal tid, men er eit såkalla lausfunn, er det mykje som er uvisst om alderen på steinen og kvar han har vore i bruk. Steinen er no på Moesgård Museum i Aarhus i Danmark.

Kleberstein finst ikkje i Danmark, så det er truleg at essesteinen, eller i alle høve råmaterialet til han, er kome frå Noreg eller det vestlege Sverige, der det har vore mange klebersteinbrot i vikingtida. Kleberstein er veleigna til gjenstandar som skal nyttast i samband med høg varme; gryter av kleberstein var i vanleg bruk i hushaldet, og sølvsmedane nytta støypeformer av kleberstein.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]