Snarøya-ulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Snarøya-ulukka var den første flyulukka som ramma norsk sivil luftfart etter andre verdskrigen. Ulukka fann stad berre halvannan månad etter at Det Norske Luftfartsselskap (DNL) hadde starta ruteflyging etter krigen.

Ein av selskapet sitt Junkers 52/3M, LN-LAB styrta på Snarøya den 22. mai 1946. 10 passasjerar og besetninga på tre omkom. Ingen på bakken vart skadde. Flyet var ein tidlegare Luftwaffe-maskin. Blant dei omkomne var den kjende motstandsmannen og forfattaren Ronald Fangen og den svenske kunstmålaren Isaac Grünewald.

Ulukkeårsak[endre | endre wikiteksten]

Flyet hadde nettopp teke av frå Fornebu på veg til Stockholm. Under stiginga miste motor nummer ein krafta. Flygarane freista å venda tilbake til flyplassen, men flyet miste høgd, kolliderte med tretoppane og fall ned i ein hage og eit hus i Halden Terrasse 10 på Snarøya[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten 2. august 1946 s. 2 (Ingeniør Hans Theodor Kiær kan gå på ski til jul)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]