Snarum stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portalplanker frå Snarum stavkyrkje
Foto: Riksantikvaren

Snarum stavkyrkje i Modum låg på prestegarden sin grunn (gnr. 159). Jens Nilssøn (1595) omtalar[1] soknet som anneks til Modum, altså Heggen. Stavkyrkja vart utvida til krosskyrkje med lafta tverrskip i 1663, og det går fram av ein synfaringsrapport frå 1689 at kyrkja hadde svalgangar. Stavkyrkja vart avløyst av ei tømmerkyrkje i 1702.

Gjenstandar frå stavkyrkja[endre | endre wikiteksten]

Ein portal frå stavkyrkja stod ved inngangen til våpenhuset i kyrkja frå 1702 før han vart sendt inn til Oldsaksamlinga. På Drammens museum er det bevart ein døypefont i renessansestil (nr. 3008 i museet sitt system). Frå stavkyrkja er det òg bevart ei katekismetavle frå 1598.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Yngvar Nielsen, red. (1981). Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 350. 
  2. Tavla var utstilt på Drammens museum i 2017, men ifølgje «Norges kirker» heng ho til vanleg på nordveggen i koret i dagens kyrkje.