Snarumselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Snarumselva er ei fem mil lang elv i Buskerud frå sørenden av innsjøen Krøderen og ut i Drammenselva ved Geithus jarnbanestasjon på Geithus. Elva er såleis forlenginga av Hallingdalselva nedstraums Krøderen. På strekninga frå Krøderen, med vassflata på ei høgd mellom 133 og 130 meter over havet, til utløpet i Drammenselva 33 meter over havet, ligg Ramfoss kraftverk (30 MW) i den øvste delen og Kaggefoss kraftverk (86 MW) i den nedste.

Elva renn gjennom kommunane Krødsherad og Modum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]