Sneaky Pete Kleinow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sneaky Pete Kleinow
Sneaky Pete Kleinow.jpg
Fødd20. august 1934
FødestadSouth Bend i Indiana i USA
Død6. januar 2007 (72 år)
DødsstadPetaluma i California i USA
FødenamnPeter E. Kleinow
Alias«Sneaky Pete»
OpphavUSA
SjangerCountry
InstrumentPedal steel gitar
Tilknytte artistarFlying Burrito Brothers og mange andre
Verka somMusikar

Peter E. «Sneaky Pete» Kleinow (20. august 19346. januar 2007) var ein amerikansk countryrock-musikar, låtskrivar, og spesialeffekt-kunstnar for film.Han er mest kjend som medlem i bandet Flying Burrito Brothers og som studiomusikar for artistar som Joan Baez, Jackson Browne, The Byrds, Joe Cocker, Rita Coolidge, Eagles, The Everly Brothers, George Harrison, The Steve Miller Band, Joni Mitchell, The Rolling Stones, Ringo Starr, Stevie Wonder, Spencer Davis, Linda Ronstadt og mange andre.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kleinow vart fødd og voks opp i South Bend i Indiana. Han var inspirert av Jerry Byrd og byrja å spele pedalsteelgitar på skulen. Då han var ferdig å studere arbeiddeh an i over ti år som vedlikehaldsarbeidar ved transportavdelinga i Michigan. I 1963 flytta han til Los Angeles der han starta ein karriere som animatør og lage visuelle effektar for film og fjernsynn. Etter å ha arbeidd på The Wonderful World of the Brothers Grimm (1962), The Outer Limits (1963-1965) og 7 Faces of Dr. Lao (1964), vart Kleinow nært knytt til barne-TV-seriane Gumby og Davey and Goliath, medan han på kveldstid spelte med Smokey Rogers & the Western Caravan og The Detours.

Det var i dette miljøet han vart kjend med Chris Hillman og Gram Parsons frå The Byrds i 1968, og hjelpte gruppa med å etterlikne den nye country-aktie stilen deira på scenen med banjogitaristen Doug Dillard på fleire lokale klubbar.[1] Gitaristen Roger McGuinn hevda seinare at Hillman og Parsons meinte å erstatte han med Kleinow og var ikkje glad for at han og Dillard vart med på ein komande europeisk turné, noko som fekk Hillman og Parsons til å slutte i bandet.[2] Etter å ha signert ein avtale med A&M Records inviterte Parsons og Hillman Kleinow til å bli med i det nye prosjektet deira: Flying Burrito Brothers. For Kleinow gjorde dette at han tok steget fullt ut og valte å leve av musikken.[3] Sjølv om dei aldri fekk stor kommersiell suksess (debutplata The Gilded Palace of Sin nådde 164. plass på Billboard-lista), skulle The Flying Burrito Brothers kome til å bli ei viktig inspirasjonskjelde for mange musikarar.

Kleinow var ein av dei første pedalsteelgitaristane som spelte i ein rockesamanheng. Med hjelp av effektar påverka spelestilen hans raskt artistar som Jerry Garcia, Buddy Cage frå New Riders of the Purple Sage og studiomusikaren Al Perkins.

Kleinow, som sjølv levde eit tilbaketrekt liv, mislikte levestilen til resten av bandet, og var òg misnøgd med at han sjeldan fekk sine eigne musikalske idear med på platene, og slutta i the Flying Burrito Brothers i 1971.[3] Kleinow fortsette ein lukrativ karrière som studiomusikar. Han spelte på album av Joe Cocker (Joe Cocker!, 1969), Delaney, Bonnie and Friends (To Bonnie from Delaney, 1970), Billy Joel (Cold Spring Harbor, 1971), Little Feat (Sailin' Shoes, 1972), Frank Zappa (Waka/Jawaka, 1972), the Bee Gees (Life in a Tin Can, 1973), Yoko Ono (Feeling the Space, 1973), John Lennon (Mind Games, 1973), John Cale (Paris 1919, 1973), Linda Ronstadt (Heart Like A Wheel, 1974), Harry Nilsson (Pussy Cats, 1974), Stevie Wonder (Fulfillingness' First Finale, 1974 og Songs in the Key of Life, 1976), Fleetwood Mac (Heroes Are Hard to Find, 1974) og Leonard Cohen (Death of a Ladies' Man, 1977).[1]

I 1974 var Kleinow med i eit nytt band, Cold Steel, og så ei ny utgåve av Flying Burrito Brothers. Det første soloalbumet hans, Sneaky Pete, kom ut i 1978 og The Legend and the Legacy følgde i 1994.

I 1970-åra starta han igjen med animasjon på Sid and Marty Krofft sitt Land of the Lost (1974-1976) og skapte dinosaurane for komedien Caveman (1981). han fekk Emmy-prisen for beste spesialeffekt for den særs populære miniserien Krigens vindar. Han medverka òg med animasjonar og spesialeffektar til fleire filmar og miniseriar dei neste tiåra, som Cosmos: A Personal Voyage (1980), The Empire Strikes Back (1980), The Right Stuff (1983), Gremlins (1984), The Terminator (1984), Terminator 2 (1991), Starship Troopers (1997) og Holes (2003), medan han samstundes stundom spelte musikk.[1][4]

I 2000 starta Kleinow ei gruppe kalla Burrito Deluxe med Garth Hudson, som var tidlegare organist i The Band, Carlton Moody frå Moody Brothers på solovokal og gitar, bassist Jeff «Stick» Davis frå Amazing Rhythm Aces og trommeslagaren Rick Lonow. Gruppa spelte inn tre album, Georgia Peach, The Whole Enchilada og Disciples Of The Truth (2007), som vart den siste studioinnspelinga hans.

Kleinow døydde på ein pleieheim i Petaluma i California, der han hadde budd med Alzheimers sidan 2006.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloprosjekt[endre | endre wikiteksten]

  • Cold Steel (1974)
  • Sneaky Pete (1979)
  • The Legend and the Legacy (1994)
  • Meet Sneaky Pete (2001)

Andre[endre | endre wikiteksten]

Kleinow spelte med mange rocke- og countryartistar, som:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]