Sneedronningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon til eventyret av Elena Ringo
Illustrasjon til eventyret av Vilhelm Pedersen

«Sneedronningen» eller «Snedronningen» er eit eventyr av H.C. Andersen frå 1845.[1] Dette eventyret var inspirasjonen til Disney-filmen Frozen (Frost) frå 2013.

Historia er delt inn i sju delar, og handlar om den vesle jenta Gerda som dreg ut i verda for å redda lekekameraten sin Kai, som er blitt lurt bort av den vonde Snødronninga.

Eventyret kom først ut 21. desember 1844 i Nye Eventyr. Første Bind. Anden Samling. 1845.[2]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Djevelen, i form av eit troll,[3] underviser i magi på ein trollskule. Han har laga ein trollspegel som forvrenger bildet av alt som speglar seg i det. Trollet og elevane hans reiser rundt i verda og nyt å sjå at alle som ser spegelbildet sitt i spegelen, blir forvrengde og vonde i sjela. Ein dag prøver dei seg på å ta med trollspegelen opp til himmelen, for å gjera englane vonde. Men trolla mistar spegelen, som fell til jorda og blir knust. Glasbitane blir spreidde utover jorda.

Gerda og Kai er to små barn som er gode venner i eit fredeleg nabolag. Dei dyrkar roser saman i vindaugskarmen. Ein dag treffer ein av glassplintane frå trollspegelen auga til Kai og går inn til hjartet hans. Dette gjer han vond og kald. Han øydelegg rosebedet og blir likegyldig til alt og alle, også Gerda. Alt han bryr seg om no er snøfnugg. Då landar den kvitkledde Snødronninga utanfor byen hans i sleden sin. Ho får han til å gløyma det gamle livet sitt med eit iskaldt kyss, og tek han med seg til slottet sitt.

Alle i byen trur at Kai har drukna i elva, men Gerda leitar etter han, og spør alle ting og vesen om kvar Kai har vorte av. Ho ofrar skorne sine til Elva, som ikkje bryr seg om gåva, men fortel henne at Kai ikkje har drukna. På vandringa si søkande etter svar kjem Gerda til Sommerheksa, som gjerne vil at Gerda skal bli hos henne i det evige sommarriket. Ho får Gerda til å gløyma Kai, og gjev rosene i hagen ordre om å søkka under bakken, slik at synet av blomstrane ikkje skal minna Gerda om Kai. Heksa har likevel gløymd rosa i hattebremmen sin, og då Gerda ser henne, byrjar ho å gråta, og tårene gjev liv til ein av dei forviste rosebuskane. Rosa fortel Gerda at Kai ikkje finst nede i dødsriket, og Gerda flyktar frå heksa.

Ei kråke fortel at ho har sett Kai i eit slott, men då Gerda dreg dit, er det berre ein prins som liknar på han. Gerda blir så tatt til fange av røvarar, og i borga deira møter ho ei lita røvarjente. Duene hennar fortel at dei såg Kai reisa i sleden til Snødronninga mot Lappland, og reinsdyret Bae, som kjem derfrå, lèt henne ri på seg medan dei drar dit. På vegen stoppar dei hos ei finnekone, som fortel Gerda at uskulda hennar er det som kan redda Kai.

Til slutt kjem Gerda til Snødronninga sitt slott. Snøfokk hindrar henne frå å koma inn, men når ho ber Fadervår, blir anden hennar til englar som kjempar mot snøfnugga. På ein frosen innsjø, like ved trona til Snødronninga, sit Kai urørlig. Han har fått ein prøve frå Snødronningen: om han greier stava eit ord med eit puslespel, vil Snødronningen gje han skøyter så han kan sleppa unna. Gerda spring mot han, kyssar han og græt, og dei varme tårene hennar smeltar den kalde splinten av trollspegelen i hjartet hans. Han hugsar Gerda, og dei dansar ein gledeleg gjensynsdans, der puslespelbitane blir rivne med i dragsuget, og legg seg til ro og formar ordet «æve». Snødronninga må sleppa Kai fri.

Gerda og Kai dreg heim igjen, hjelpt av vennene ho har møtt på vegen. Då dei kjem heim ser dei at alt er som då dei var barn, og at det ikkje er vinter lengre, men at dei er blitt vaksne og at det er sommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Det Kongelige Bibliotek
  2. «Hans Christian Andersen : The Snow Queen». sdu.dk. Arkivert frå originalen 19. februar 2013. Henta 19. desember 2019. 
  3. Andersen, Hans Christian (1983). «The Snow Queen». The Complete Fairy Tales and Stories. trans. Erik Christian Haugaard. United States: Anchor Books. Henta 3. desember 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Sneedronningen ved Wikisource (da).