Snefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°49′31.033″N 24°31′49.480″E Snefjorden eller Snøfjorden (samisk Muorralvuotna) er ein fjord i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 11 km søraustover til bygda Snefjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Burstadneset i vest og Avløysinga i aust. Den ytre delen av fjorden er ikkje busett. Inst i fjorden ligg bygda Snefjord i tillegg til eit par småbruk. Senfjordholmen ligg like utanfor Snefjord. Fjorden er 182 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.

Riksveg 889 og Fv162 går langs den indre delen av fjorden.