Snegurotsjka
Utsjånad


Snegurotsjka, på russisk Снегурочка, norsk 'Snøjenta', er i russisk jule- og nyttårstradisjon medhjelparen til Ded Moroz - 'Bestefar Frost'.[1] Ho er barnebarnet til Ded Moroz, og skulle i dei sovjetiske åra fyrst og fremst bli knytt til nyttår, sidan jula som kristen høgtid ikkje skulle feirast i det kommunistiske samfunnet.[2] Snegurotsjka vert oftast framstilt som kledd i ein lang, vakker og sølvkvit eller blåkvit vinterkappe av pels; i nyare tid av og til i ein vinteroverall i same farge.
Snegurotsjka vart stadig vanlegare i russiske eventyr på 1800-talet og var populær i denne seinare delen av tsartidas Russlands år, og kan ikkje daterast til eldre slavisk mytologi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hans Henrik Fafner (15. desember 2011), Fanns det jultomtar i Sovjetunionen? (på svensk), Världens historia, henta 18. desember 2014
- ↑ Farfar Frost ger barnen i Ryssland presenter (på svensk), Sveriges Radio, 31. desember 2012, henta 18. desember 2014
- Denne artikkelen bygger på «Snøpiken» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2021.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Märchen der russischen Schriftsteller. Verlag Prawda, Moskau 1985, Übersetzung aus dem Russischen: Oksana Fedotowa, 2005
- Russische Märchen. Königsfurt-Verlag 2006, Übersetzung aus dem Russischen: Sigrid Früh, Paul Walch (enthält die Version nach Chudjakow)