Snelleslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snelleslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karsporeplanter Pteridophyta
Klasse: Bregnar Polypodiopsida
Orden: Snelleordenen Equisetales
Familie: Snellefamilien Equisetaceae
Slekt: Snelleslekta Equisetum
L., 1753

Snelleslekta (Equisetum) er ei slekt av fleirårige karsporeplantar som veks mest på fuktig jordsmonn, nokre artar til og med i vatn. Slekta omfattar 16-29 artar, avhengig av taksonomisk systematikk. Ho er den einaste nolevande slekta i snellefamilien (Equisetaceae).

Sneller har karakteristiske ledda stenglar. Blada dannar uskinnbarlige slirer ved avslutningane til ledda. Nokre artar har òg kransar med sidegreiner rett under slirene.

Dei 18 artane av sneller som finst i dag er dei einaste overlevande restane av den store klassen snelleplantar som dominerte skogane i perm- og karbontida. Desse tidlegare snelleplantane var opptil 20 m høge tre med 1 meter stammediameter, og utgjorde eit stort bidrag til dagens steinkolførekomstar.

Sneller formeirar seg både vegetativt ved knoppskyting frå jordstenglar, og kjønna gjennom sporar. Det finst både stor- og småsporer (heterospori), som blir danna i sporehus anten i toppen av dei vanlege stenglane, eller på spesielle forplantingsstengler som ikkje er grøne.

Sneller er mykje brukt i både skule- og folkemedisin.

Plantar kjende som hesterumpe (Hippuris) har av og til blitt forveksla med snellar, men er ei heilt anna slekt. På engelsk blir både sneller (Equisetum) og hesterumpe kalla for horsetail, slik at dei to artane blir blanda saman språkleg sett.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]