Snikkarglede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Snikkarglede (snekkerglede på bokmål og snickarglädjesvensk) er ei vanleg nemning på ein særeigen type utvendig prydnad på trehus frå 1800-talet, i Noreg framfor alt på bygningar i sveitserstil. Mønster av likedanna dekorative element i rader vart laga til rundt eller over vindauga, i gavlane, som påsette bordar på veggane langsmed etasjeskilja osb., ved at treet vart gjennombora og saga ut med smalblada sag (lauvsag).