Snikskyttardeteksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Snikskyttardeteksjon er system som finn retning og avstand til ein snikskyttar. Det finst fleire slike system i bruk, og dei fleste byggjer på akustisk deteksjon. Snikskyttardeteksjonssystem er av interesse både for militære og for sivile styrkar (politi).

Verkemåte[endre | endre wikiteksten]

Akustiske system nyttar ein mikrofonarray som registrerer lyden frå prosjektilet og munningslyden frå våpenet. Ved hjelp av digital signalhandsaming finn ein så avstand og retning til våpenet som prosjektilet kom frå. Snikskyttarar nyttar for det meste kraftige våpen og prosjektil med overlydsfart. Snikskyttarar nyttar som oftast kikkertsikte, og nokre snikskyttardeteksjonssystem nyttar laser for å detektera refleksjon frå kikkertsiktet, men ofte som eit tillegg til akustisk deteksjon. Snipos er eit norsk akustisk snikskyttardeteksjonssystem som nyttar ein array med fire mikrofonar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]