Snippeskål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
‎Snippeskål frå Nissedal i Telemark. Bollen har denne innskrifta: «Jeg er liden og næt Drick af mig saa gjør du Ræt. 1756.» Bollen er i dag på Norsk Folkemuseum. Diameter 12 cm. NF: 1990-0977.

Snippebolle eller snippeskål er eit drikkekar til øl eller melk. Det er eit rundt kar av tre med fire utståande snippar eller øyre. Karet kan vera skål- eller bollefoma. Øyrene er oftast trekanta, slik at karet får eit kvadratisk tverrsnitt.

Dei fleste snippeskålene ein har att er frå 1700- og 1800-talet, men slike skåler kan nok ha vore i bruk enkelte stader også eit stykke ut på 1900-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteraturliste
  • Gjærder, Per (1975): Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø
  • Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]