Snorre Torfinnsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Snorre Torfinnsson
GudridAndSnorri.jpg
Statue av Gudrid og sonen hennar Snorre Torfinnsson på Glaumbær.
FøddVinland
LandIsland
MorGuðríður Þorbjarnardóttir
FarTorfinn Karlsevne

Snorre Torfinnsson (norrønt og islandsk Snorri Þorfinnsson, sjeldnare Snorri Karlsefnisson,[1][2] fødd mellom 1004 og 1013, død 1090) var son av oppdagarane Torfinn Karlsevne og Gudrid Torbjørnsdotter. Han blir rekna for å vera den første etniske europearen som blei fødd i Amerika, og han var ein viktig pådrivar for å innføra kristendommenIsland.[3]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Fødselsdatoen til Snorre Torfinnsson er usikker. Fødselstal som 1005, 1009, og 1012 er blitt lanserte, men alle er samde om at han var fødd mellom 1005 og 1013. Han kan ha fått namn etter oldefar sin, Snorri Þórðarson,[4] eller etter Snorri Þorbrandsson som ikkje var ein slektning, men var med på ferda.[5]

Etter Grønlendingesoga var Snorre tre år då familien forlét Vinland på grunn av problem med dei innfødde der, skrælingane. Familien drog då attende til Glaumbær i Seyluhreppur på Island.[6][7][8]

I tekstar frå 1200-talet, rundt 200 år seinare, står det at Snorre Torfinnsson og Snorre Torgrimsson var pådrivarar for kristninga av Island. Ifølgje Grønlendingesoga bygde Snorre den første kyrkja på Glaumbær. Blant etterkommarane hans finn ein fleire islandske biskopar.

Snorre Torfinnsson fekk to barn; dottera Hallfrid og sonen Torgeir. Hallfrid blei mor til Torlak Runolfsson, biskopen i Skálholt på Island. Ein av etterkommarane til Snorre sin bror Torbjørn, Bjørn Gilsson, blei biskop på Hólar. Torgeir var far til Yngvild, som var mor til Brand Sæmundarsson, biskop på Hólar.[9]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

  • Sidan Snorre Torfinnsson blei fødd på Vinland (Newfoundland), blir han rekna som den første europearen som blei fødd i Nord-Amerika. Dette gjeld berre om ein ikkje reknar Grønland til verdsdelen.[10][11] Det gjekk kring 560 år før den neste etniske europearen blei fødd i same verdsdel, Martín de Argüelles, som blei fødd av spanske innvandrarar i St. Augustine i Florida.
  • I 2002 oppdaga amerikanske arkeologar restane etter eit tusen år gammalt langhus på nordkysten av Island. Ein trur dette var gardsbruket til Snorre Torfinnsson.[12] Langhuset blei funne nær Glaumbær folkemuseum, utanfor landsbyen Sauðárkrókur, og blei samanlikna med den store festsalen skildra i Beowulf.[13][14]

Familietre[endre | endre wikiteksten]

Tord Tordbrandsson
 
 
Snorre TordssonVifill frå Vifilsdal
 
Hallveig
 
 
 
 
 
 
Tordar SnorressonTorbjørn Vifilsson
 
 
 
 
Torfinn Karlsevne
 
 
 
Gudrid Torbjørnsdotter
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Snorre TorfinnssonTorbjørn Torfinnsson
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Hallfrid SnorresdotterTorgeir SnorressonTorunn Thorbjørnsdotter
 
 
 
 
 
 
Torlak RunolfssonYngvild TorgeirsdotterBjørn Gilsson
 
 
Brand Sæmundarsson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mal:Sc er brukt i Magnusson & Pálsson 1965, List of Proper Names", s. 111
  2. Thrapp, Dan (1991), Encyclopedia of Frontier Biography: P-Z, University of Nebraska Press, ISBN 0-8032-9420-4 
  3. Vésteinsson, Orri (2000), The Christianisation of Iceland: priests, power, and social change, 1000–1300, Oxford University Press, ISBN 0-19-820799-9 
  4. Berry, Francis (1977), I tell of Greenland: an edited translation of the Sauđarkrokur manuscripts, University of Michigan, ISBN 0-7100-8591-5 
  5. Mowat, Farley (1965), Westviking: the ancient Norse in Greenland and North America (snippet), University of Michigan, s. 224, ISBN 9780771065798, named Snorri, possibly in honor of Snorri Thorbrandsson, who seems not only to have been Karlsefni's closest comrade but to have also been the elder wise man of the expedition 
  6. Glaumbær (Historical Places in Northwest Iceland)
  7. Mallet 1847, s. 261
  8. Magnússon, Magnús (1973), Viking expansion westwards, Bodley Head 
  9. Magnusson & Pálsson 1965, Eir. ch.14, p.91 (1983 ed., p.71)
  10. Mallet 1847, s. 257n
  11. Blum, Ralph (2004), Rune Cards, Connections Book Publishing, ISBN 1-85906-138-9 
  12. Explorers and Exploration, Marshall Cavendish Corporation, 2005, ISBN 0-7614-7535-4 
  13. «Archaeology team unlocks the saga of Snorri Thorfinnsson», The Age (Melbourne), 17. september 2002 
  14. «Glaumbaer – The first farmer». Skagafjordur Heritage Museum. Henta 20. januar 2016. 

Bibliografi

Tekstar
Omsetjing
Studiar