Snublesteinar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snublestein til minne om Ruth Maier framfor Dalsbergstien 3 i Oslo
Gunter Demnig i Werkendam i Nederland i 2010 med snublesteinar til minne om familien de Vries
Land der det er sett ned snublesteinar pr. 2016

Snublesteinar er standardiserte individuelle minnesmerke over kvart av ofra for det nazistiske Tysklands organiserte drapjødar og andre menneske før og under andre verdskrigen. Minnesmerka er 10x10x10 centimeter store steinar av betong med ei messingplate på toppen, der det er skrive namn, dato for fødsel og død, og staden for drapet, som er nedstøypte i fortauet eller grunnen framfor bustaden eller arbeidsstaden til kvar av dei som vart drepne. Overflata på steinen ligg i flukt med overflata på fortauet, slik det er ei symbolsk form for snubling, ei skarp påminning om ein menneskeskapt tragedie som ikkje må få skje omatt, som steinen er meint å skape.

Den tyske kunstnaren Gunter Demnig (fødd 27. oktober 1947 i Berlin) fekk i 1993 ideen til dette prosjektet, som han kalla «Stolpersteine» (tysk for snublesteinar). Steinane er både meint som minnesmerke, og som offentlege kunstverk, og Gunter Demnig har eigarretten til konseptet. Frå dei fyrste steinane vart sett ned i Tyskland i 1994, har prosjektet vorte spreidd til dei andre europeiske landa som vart råka av desse ugjerningane. I samarbeid med den tyske forfattaren og journalisten Raimund Wolfert, sytte i 2010 Jødisk Museum i Oslo for å få sett i gang prosjektet i Noreg òg. Til å byrje med vart tjuge snublesteinar sett ned, 19 steinar for ofra frå Calmeyers gate 15 i Oslo, og ein stein for Ruth Maier i Dalsbergstien i Oslo. Seinare har det vorte sett ned snublesteinar i ein rad andre byar og kommunar her i landet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Snublesteinar