Soňa Mihoková
Soňa Mihoková | |
Statsborgarskap | Slovakia |
Fødd | 11. november 1971 (53 år) Liptovský Mikuláš |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Vinter-OL 2006 |
Soňa Mihoková (fødd 11. november 1971) er ein slovakisk tidlegare skiskyttar frå Liptovský Mikuláš. Sesongane 1995-98 høyrde ho til verdseliten i skiskyting og vann i 1996 eitt renn i verdscupen i skiskyting. Ho lukkast aldri ta medalje i VM og OL, enda opp med fem fjerdeplassar.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Mihoková meisterskapsdebuterte under Vinter-OL 1994 på Lillehammer og vart nummer 12 på 7,5 km. Året etter vart ho nummer fire på same distansen då VM i skiskyting 1995 fann stad i italienske Antholz, og gjekk Slovakia inn til same plasseringa på 4 x 6 km stafett. Vinteren 1996 vann ho sin einaste siger i eit verdscuprenn, på ein 7,5 km i austerrikske Hochfilzen slo ho nummer to med over 50 sekundar.
I VM i skiskyting 1997 på heimebane i Osrblie var Mihoková med i medaljekampen i begge dei to individuelle tevlingane, men vart nummer fem i normalprogrammet og fire på sprinten. Under Vinter-OL 1998 i Nagano enda ho som året før på fjerdeplassen på 7,5 km, og som i VM 1995 vart ho og lagvenninnene nummer fire på stafetten.
Etter 1998 makta ho ikkje å hevde seg mot verdseliten, men la ikkje opp før enn i 2006.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Soňa Mihoková». olympedia.org. Henta 23. oktober 2022.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1971
- Slovakiske skiskyttarar
- Slovakiske deltakarar under vinter-OL 1994
- Skiskyttarar under vinter-OL 1994
- Slovakiske deltakarar under vinter-OL 1998
- Skiskyttarar under vinter-OL 1998
- Slovakiske deltakarar under vinter-OL 2002
- Skiskyttarar under vinter-OL 2002
- Slovakiske deltakarar under vinter-OL 2006
- Skiskyttarar under vinter-OL 2006