So av Peter Gabriel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
So
Studioalbum av Peter Gabriel
Utgjeve 19. mai 1986
Innspelt Februarr til desember 1985
Studio Ashcombe House i Somerset (Swainswick)
Sjanger
Lengd 46:25
Selskap
Produsent
Peter Gabriel-kronologi
Birdy
(1985)
So Passion
(1989)


Singlar frå So
  1. «Sledgehammer»
    Utgjeve: April 1986[3]
  2. «Don't Give Up»
    Utgjeve: September 1986
  3. «In Your Eyes»
    Utgjeve: September 1986
  4. «Big Time»
    Utgjeve: Februar 1987
  5. «Red Rain»
    Utgjeve: Juni 1987

So er det femte studioalbumet til den engelske musikaren Peter Gabriel, gjeve ut 19. mai 1986 på Charisma Records. Etter å ha arbeidd på musikken til filmen Birdy (1984), vart produsenten Daniel Lanois invitert heim til Gabriel i 1985 for å arbeide på det neste soloprojektet hans. Dei første innspelingane for So bestod av Gabriel, Lanois og gitaristen David Rhodes, før dei trekte inn fleire perkusjonistar.

Sjølv om Gabriel fortsette å bruke Fairlight CMI-synthesizer på nyskapande vis, var songane frå desse innspelingane mindre eksperimentelle enn dei tidlegare albuma hans. Gabriel henta inspirasjon frå fleire musikalske hald, og blanda pop, soul og kunstrock med element av tradisjonell verdsmusikk, særskild afrikansk og brasiliansk musikk. Gabriel turnerte med So på This Way Up-turneen (1986–1987), med somme songar framført på konsertar til støtte menneskerettar og veldedige organisasjonar.

Det vert ofte trekt fram som hans beste og mest tilgjengelege album, og So vart raskt ein salssuksess og omgjorde Gabriel frå å vere ein kultartist til ei stjerne. Albumet vart hans bestseljande. Det har oppnådd 5x platinaplate i USA og 3x platinaplate i Storbritannia. Den første singelen frå albumet, «Sledgehammer», vart marknadsført med ein nyskapande, animert musikkvideo og vart særskild populær. Songen gjekk til topps på Billboard Hot 100 og vann sidan ni prisar på MTV Video Music Awards. Fire andre singlar vart òg gjevne ut frå albumet, «Don't Give Up» (ein duett med Kate Bush), «Big Time», «In Your Eyes» og «Red Rain».

Albumet fekk positive meldingar frå dei fleste kritikarane, som roste låtskrivinga, melodiane og blandinga av sjangrar. Enkelte seinare meldingar har derimot kritisert den kommersielle stilen og den 80-talsprega produksjonen. So vart nominert til årets album i USA i 1987, men tapte for Paul Simon sitt Graceland. Det har ofte vore med på lister over dei beste albuma frå 1980-åra og vart rangert på 187. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. So vart ommastra i 2002, og dels spelt inn på ny av Gabriel i 2011 for orkesterprosjektet New Blood og gjeve ut i ein plateboks i 2012.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songane på albumet vart skrivne og spelte inn i heimen til Gabriel, Ashcombe House i 1985.

Sidan 1978 hadde Gabriel skrive musikk i heimen sin i Ashcombe House, inkludert albumet Security (1982) og filmmusikken til Birdy. (1985). Han hadde eit rimeleg studio i låven ved huset som bestod av to rom, eitt der Gabriel kunne syngje og skrive tekstar, og eit anna der musikken vart sett saman.[4] I førebuinga for So vurderte Gabriel Bill Laswell og Nile Rodgers som potensielle produsentar. Han bad til slutt samarbeidspartnaren på Birdy, Daniel Lanois, om å flytte inn til han i Ashcombe og arbeide med han vidare.[5][6]

Øvingane byrja i mai 1985 og bestod av Gabriel, Lanois og gitaristen David Rhodes. Gabriel hadde byrja å arbeide på somme songar og gav Lanois og Rhodes akkordstrukturar, som dei byrja å improvisere kring. Lanois hugsa at dei hadde «eit fint utgangspunkt, fordi det i ein slik setting ikkje er lurt å ha masse folk kring seg, fordi ein vert nervøs for at ein sløser bort tida deira». Det var derfor ein avslappa atmosfære kring desse innspelingane og trioen kalla seg sjølv på spøk «Three Stooges», etter ei amerikansk revygruppe på midten av 1920-talet. Etter kvart kom fleire til der lydteknikar og miksaren Kevin Killen, bassisten Tony Levin og trommeslagaren Jerry Marotta vart viktige bidragsytarar, med hjelp av perkusjonistane Manu Katché og Stewart Copeland og fiolinisten L. Shankar.[7]

Det enkle studioet bestod mellom anna av to analoge 24-sporsmaskinar.[8] Alle songane på So vart spelte inn på liknande måte. Gabriel laga ein demo med piano som han spelte for bandet. Under øvingane lytta bandet til opptaket i hovudtelefonar, medan dei spelte inn musikk.[8]

Anna utstyr var mellom anna ein Fairlight CMI-synthesizer. I eit intervju for Billboard sa Gabriel at «dei kreative avgjerslene har blitt viktigare enn teknikken. Du har ei lang rekkje reiskap og ein må ta fleire avgjersler».[9][10] Sjølv om han alltid var inspirert til å skape ny musikk, sleit han ofte med å skrive tekstar, og utsette det ofte.[11] Han hadde ein tendens til å vere misnøgd med tekstane og Killen måtte isolere visse vokalopptak som masteroptak, for å halde andre spor tilgjengeleg slik at ny tekst kunne redigerast inn.[8] Lanois gjekk til drastiske tiltak for å oppfordre han til å skrive, som å ta telefonen han brukte så mykje og kaste denne i skogen i nærleiken, og ved eitt høve spikra han igjen studiodøra for å låse han inne.[11]

Mot slutten av innspelinga vart Gabriel «besett» av sporlista og skapte ein kassett med byrjinga og slutten på alle songane for å høyre korleis lydane blanda seg saman.[12] Han ønskte å ha «In Your Eyes» som det siste sporet, men den markante basslinja gjorde at han måtte plasserast tidlegare på vinylutgåva sidan det er meir rom for grammofonstiften å vibrere. CD-platene hadde ikkje denne restriksjonen og songen vart plassert på slutten av albumet.[13] So vart fullført i februar 1986 og kosta 200 000 britiske pund å lage. Det vart overdubba i Power Station Studios i New York, trass i at Gabriel vurderte å sende han det via data-telefon. Han sa «det er mykje informasjon å sende via telefon. Det er utruleg, er det ikkje? Du kan sende ein songidé verda rundt til musikarar og så sende delar attande via satellitt».[10] Albumet vart mastra av Ian Cooper i midten av februar 1986 i Townhouse Studios i London.[12][14]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

So har blitt kalla det mest kommersielle og minst eksperimentelle albumet til Gabriel,[15][16] ei plate med popsongar[17] blanda med kunstpop[18][19] og progressiv pop.[20] Som dei tidlegare albuma hans er grunnlaget kunstrock, sjølv om Gabriel på So er meir fokusert på melodi med element av soul og afrikansk musikk.[15] «Med ein song som 'The Rhythm of the Heat' eller 'The Family and the Fishing Net' (frå det førre albumet), om eg skulle spele til den songen på gitar eller piano, så ville ikkje det fungere særleg godt ... medan meir ting på dette albumet fungerer som berre tekst, melodi og akkordar på ein meir tradisjonell måte.»[21]

Songane var særs inspirert av tradisjonell verdsmusikk, særskild afrikansk og brasiliansk musikk, der Gabriel nytta dei særeigne trommerytmane frå desse stilane.[22][23] I eit intervju i 2011 for Uncut, sa Gabriel: «Eg hadde fått nok av instrumenteksperiment for ei stund og ønskte å skrive skikkelege popsongar, men på mine eigne vilkår.»[24] Jon Pareles i The New York Times skreiv at Gabriel «legg ikkje berre til afrikanske trommer eller indisk fiolin på ordinære songar. Dei er ein del av fundamentet.»[22] Chris Roberts i Classic Rock skreiv at albumet «tar Fairlight-synthen og legg til eit velsmakande dryss av verdsmusikk til kunstpopen.»[25] Produksjonen til Daniel Lanois vart omtalt som teksturert, full av lydmessige detaljar og «ulasteleg varme som gjev kvar note rom til å puste, med flotte teksturar (i den føretrekte stilen på den tida) utan å bli sterilt».[23][26]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Gabriel ønskte at albumet skulle «krasje inn i starten». Trass i at han mislikte «metalliske» perkusjonsinstrument, vart han overtalt av Lanois om å la The Police-trommeslagaren Stewart Copeland spele cymbalar og hi-hat på opningssporet «Red Rain».[7][27] Gabriel syng i det øvre registeret sitt med ei hes stemme om ei destruktiv verd med samfunnsproblem som tortur og kidnapping.[22][23] Konseptet kom frå ein draum der han såg for seg eit raudt hav som delte seg og menneskeliknande glasflasker fylde med blod. Det var òg meininga å halde fram soga om Mozo, ein karakter frå det første og andre albumet til Gabriel.[28][7]

«Sledgehammer» var det siste sporet dei laga for albumet. Det meste av bandet til Gabriel hadde pakka ned utstyret og var på veg ut av studioet, men han bad dei kome saman og raskt gå gjennom ein song han hadde ein idé for.[29] «Sledgehammer» var dels inspirert av musikken til Otis Redding og Gabriel fann fram til Wayne Jackson, som Gabriel hadde sett på turné med Redding i 1960-åra, for å spele inn blåsarane for sporet.[30] Songen opnar med ei shakuhachifløyte og rytmen er dominert av massingblåseinstrument, særskild hornet til Jackson, med ein tekst med mange seksuelle eufemismar.[23][31]So vart overdubba i Power Station Studio i New York, heldt den tyske elektronicaduoen Kraftwerk på å fullføre Electric Café (1986) og «Sledgehammer» vart spelt for dei. David Buckley, som skreiv ein biografi om Kraftwerk, skreiv «dei vart slått i bakken av kor fantastisk det høyrdest ut. Dei kjende at plata deira var lydmessig ynkeleg i samanlikning, sjølv om det var ein heilt annan sjanger».[32] Trommene til Manu Katché vart spelt inn på eit forsøk, sidan han meinte at påfølgjande versjonar ikkje kunne bli like bra som den opphavlege tolkinga hans av musikken.[33]

Den mest politiske ytringa på So var «Don't Give Up» og kom som følgje av at Gabrirel var misnøgd med den stigande arbeidsløysa under regjeringa til Margaret Thatcher og var inspirert av fotografiet til Dorothea Lange kalla «Migrant Mother».[34][23] Sporet byrja med eit rytmemønster med langsame, låge tam-tam-trommer som Gabriel laga, og som Lanois meinte kunne vere midtpunktet i ein song.[35] Tony Levin la til bass for å skape ein meir harmonisk lyd,[36] og under den andre halvparten av sporet, sette han ei bleie bak basstrengane for å dempe lyden.[37] Gabriel har sagt at songen, som følgjer ei soge om ein arbeidslaus mann og kjærasten hans, vart skriven som eit konversasjonsstykke. Han prøvde først å få Dolly Parton til å syngje kvinnestemma, men ho avslo. Venen hans, Kate Bush, gjekk i staden med på å syngje på songen.[34] Bush fungerer som motparten i songen med ein trøystande vokal og linjer som «Rest your head/ you worry too much».[16][26]

Den førte sida av albumet avsluttar med «That Voice Again», der Gabriel utforskar konseptet medvit og «røysta i hovudet vårt som anten hjelper oss eller sigrar over oss».[23][38] Songen vart skriven i lag med David Rhodes, som spelar gitar over spora til Katché og Levin, etter at Gabriel hadde starta diskusjonar med Martin Scorsese om å lage musikk til The Last Temptation of Christ (1988).[39] Gabriel laga sidan musikk til filmen og gav det ut på Passion (1989).[40]

Side to[endre | endre wikiteksten]

«In Your Eyes» har blitt skildra som den beste kjærleikssongen til Gabriel. Han var inspirert av Sagrada Família og arkitekten Antoni Gaudí, og Gabriel syng over ein trommerytme om å berre kjenne seg heil i augo til kjærasten.[22][41] Den mektige atmosfæren vert skapt av synginga til den senegalesiske musikaren Youssou N'Dour, som syng på morsmålet sitt.[38][41]

Gabriel vart interessert i den amerikanske diktaren Anne Sexton etter å ha lese biografien hennar, To Bedlam and Part Way Back. Han dediserte det sjette sporet på So til henne, og kalla det «Mercy Street» etter «45 Mercy Street», eit dikt som kom ut i ei posthum samling.[39] «Mercy Street» er sett til ein av fleire Forró-inspirerte perkusjonskomposisjonar som Gabriel spelte inn i Rio de Janeiro. Då desse komposisjonane vart henta fram i studio, vart dei ved eit uhell spelt av ti prosent meir langsamt enn originalinnspelinga og gav dei ein kornete kvalitet som Gabriel og Lanois meinte trekte fram cymbalen og gitaren.[42] Gabriel song ein skuggevokal ein oktav under hovudvokalen på denne songen. Dette skulle gje ein sensuell, stemningsskapande effekt, som var vanskeleg å få til skikkeleg. Vokalen vart berre slik dei ønskte det då Gabriel nettopp hadde vakna om morgonen.[43]

Dancesongen «Big Time» er inspirert av funk og er bygt på ein «perkussiv basslyd».[15][23] Teksten er satirisk om jappekulturen i 1980-åra, materialisme og konsumerisme og kom som følgje av sjølvransakinga til Gabriel, då han tenkte på om han eigentleg ønskte å vere kjendis eller ikkje.[22][23][44]

«We Do What We're Told (Milgram's 37» vart spelt inn for Peter Gabriel eller «Melt»[45] og er skildra som eit mellomspel. Det refererer til lydnadeksperimentet utført av den amerikanske samfunnspsykologen Stanley Milgram, for å vise lydnaden borgarar viser til ein diktator i krigstid.[46] Trommene til Marotta på songen er sagt å likne «eit hjarteslag høyrt frå livmora»[16] og vart sett saman med fiolinen til Shankar og «to overdubba gitarspor av Rhodes».[46]

Medan «We Do What We're Told» var den siste songen på den originale LP-utgåva av albumet, vart kassett- og CD-utgåva avslutta med «This Is The Picture (Excellent Birds)», som Gabriel ønskte å ta med, 48 timar før albumet skulle leverast inn.[47] «Excellent Birds» vart skriven i lag med den amerikanske musikaren Laurie Anderson og nytta i 1984 på albumet hennar Mister Heartbreak. Denne vart interpolert med ei innspeling kalla «This Is The Picture», der Nile Rodgers spelar rytmegitar.[46] Før songen kom med på So, framførte Anderson og Gabriel songen på den globale direktesendinga Good Morning, Mr. Orwell i 1984.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Gabriel spelar på A Conspiracy of Hope i New Jersey i 1986.

So er det første albumet til Gabriel som ikkje har namnet hans som tittel. Gabriel har fortalt at han mislikar å gje album titlar, fordi det er distraherande for designet på omslaget.[48] I eit intervju for Rolling Stone sa han at det amerikanske selskapet hans, Geffen Records, nekta å gje ut Peter Gabriel IV før det vart kalla Security. Han sa at for So «valte eg å gå for ein antitittel ... Det kan vere meir eit grafisk stykke, om du vil, i motsetnad til noko med meining og intensjon. Og det har eg halde fram med sidan den gongen».[49] I ein episode om albumet i Classic Albums-serien, sa Gabrriel at den korte tittelen gjorde at han kunne forstørrast som var nyttig i marknadsføringa.[48] Før albumet til slutt fekk tittelen So, var det meininga å få tittelen Good.[50] Plateomslaget syner Gabriel fotografert av Trevor Key, som då var mest kjend for biletet på omslaget til Tubular Bells (1973) av Mike Oldfield. Omslaget vart designa av Peter Saville og Brett Wickens. Saville var mest kjend for designet av fleire omslag for Factory Records og fekk 20 000 britiske pund for arbeidet.[51][52] Gabriel sa: «Det einaste kompromisset eg gjorde var å gå med ideen til Peter Saville om ein retroaktig portrett. Eg vart fortalt at dei vanlegvis så obskure plateomslaga mine framandgjorde kvinner.»[24] Plateomslaget var dels inspirert av arbeidet til fotografen David Bailey.[53]

So kom ut 19. mai 1986. Det toppa listene i sju land verda over, inkludert Storbritannia, der det vart den andre plata til Gabriel som nådde toppen. I USA vart So eit av dei bestseljande platene til Geffen Records og nådde andreplassen der og låg i alt 93 veker inne på lista.[54] I april 1986 kom «Sledgehammer» ut på singel og vart den første og einaste songen til Gabriel som nådde toppen av Billboard Hot 100, og skauv ned den første og einaste førsteplassen til Genesis, «Invisible Touch».[55][31] Songen nådde fjerdeplassen i Storbritannia, som var like høgt som «Games Without Frontiers», og singelen gjekk til topps i Canada.[56][57] Ein del av suksessen til «Sledgehammer» var den særs populære og nyskapande musikkvideoen, med stop motion designa av Aardman Animations. Gabriel sa i eit intervju for Rolling Stone at videoen eksponerte songane på So for eit breiare publikum og støtta opp om suksessen til albumet.[58] To singlar til vart hittar, «Don't Give Up», som nådde niandeplassen på UK Singles Chart, men berre 79. plassen i USa, medan «Big Time» nådde 13. plassen i Storbritannia og åttandeplassen i USA. «In Your Eyes» vart ein moderat suksess i USA der han nådde 26. plassen på Hot 100-lista, medan «Red Rain» nådde 46. plassen i Storbritannia.[56][59]

Bono tok kontakt med Gabriel for å spele på A Conspiracy of Hope, ein serie Live Aid-inspirerte konsertar som var meint å sette fokus på menneskerettssaker i lys av 25-årsjubileet til Amnesty International. Gabriel aksepterte og i juni 1986 spelte han i lag med Sting, The Police, Lou Reed og Joan Baez. Settet hans opna med «Red Rain» og han framførte «Sledgehammer». Gabriel skildra det som «den beste turneen eg har vore på».[60] Same månaden spelte Gabriel i Clapham Common i London i lag med Boy George og Elvis Costello for Artists Against Apartheid.[61] Gabriel la sidan ut på ein 93 konsertar lang turné kalla This Way Up for å marknadsføre So. Den første konserten var i Rochester i New York den 7. november 1986. To av konsertane (20. og 21. desember) var i Meiji Jingu stadion i Tokyo for å skaffe midlar til eit globalt datasystem for University for Peace, eit SN-prosjekt.[62][63] Turneen tok ein pause tidleg i 1987 fram til juni, då han heldt fram i Europa, før han kom til Amerika att og vart avslutta i Lycabettus Amphitheatre i Athens i oktober.[63] Gabriel spelte delar av SoThe Prince's Trust-konserten og Human Rights Now!-turneen i 1988.[64]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[15]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[65]
Entertainment WeeklyB[66]
The Guardian4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[67]
Mojo4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[68]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[69]
Record Collector5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[70]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[71]
Uncut8/10[72]
The Village VoiceB−[73]

So fekk stort sett positive meldingar frå kritikarane. Jon Pareles i The New York Times skreiv «berre ei handfull vestlege rockemusikarar har klart å bruke eksotiske rytmar og instrument på ein så kløktig og overtydande måte». Pareles roste òg vokalen hans, og skildra denne som «hes, men ikkje bluesaktig, tidlaus og gledeslaus. Røysta til ein gammal sjømann som fortel om katastrofar».[22] Tim Holmes skildra albumet i Rolling Stone som «ei plate med mykje komplekse kjensler og sofistikert musikk» og var nøgd med at Gabriel vart eksponert for den breiare popmusikken.[16]

Robert Christgau var lunken i meldinga si for The Village Voice og skreiv at «Gabriel er så smart at han veit at rytme er det som får musikken framover, noko som avlastar han frå eit keisamt, melodisk ansvar. I ei knipe går smarte karar går for tekstur.»[73]

So har i seinare tid òg fått god kritikk. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic meinte at So var «det mest fengande og gladaste plata han nokon gong spelte inn». Erlewine likte særleg blandinga til Gabriel av kunstrock med afrikansk musikk og soul.[15] Jude Rogers i BBC skreiv «når du er forbi den bombastiske 'Sledgehammer', ... vil du sjå kor lett dei kunstferdige ideane smatt inn i popmusikken i 80-åra».[31]

Mark Blake i Q skildra albumet som «karbondatert til 1986 takka verre dei skrallande saksofonane og Fairlight CMI-synthen». Han la til at «Gabriel skapte eit album med brukarvenleg pop som framleis var roande merkeleg.»[69]

I ei mindre positiv melding skreiv David Buckley i Mojo at albumet stod i kontrast til dei tidlegare, meir eksperimentelle albuma til Gabriel og hevda at «på So frå 1986 sala han om hesten og skreiv pop, og skreiv stort. Resultata er blanda. 'Sledgehammer', med ekko til både Stevie Wonder sin 'Superstition' og David Bowie sin 'Fame', slår framleis frå seg. Elles høyrest Gabriel luftpensla ut på 'Mercy Street', 'Red Rain' og 'In Your Eyes', og berre 'We Do What We're Told' er eit minne om ei meir vågal fortid.»[74] John Lewis i Uncut retta òg kritikk mot albumet. Han roste delar av den moderne produksjonen og trekte fram «Big Time» og «Sledgehammer» som særskild bra spor, men meinte at produksjonen elles forstyrra musikken, som Fairlight CMI-synthesizeren på «That Voice Again» og plystreakkompagnementet på «Mercy Street».[72]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1986 vart So nominert til Grammyprisen for årets album, men tapte for Graceland (1986) av Paul Simon, medan «Sledgehammer» vart nominert til årets singel, årets song og årets beste mannlege rockesong.[75][76]Brit Awards vann Gabriel prisen or beste mannlege, britiske artist og «Sledgehammer» vann prisen for beste britiske musikkvideo.[77] Gabriel vann flest prisar på MTV Video Music Awards i 1987, der han fekk Video Vanguard-prisen og «Sledgehammer» vann ytterlegare ni prisar, inkludert årets video. Rekorden på ni prisar står framleis. Videoen er den mest spelte musikkvideoen i historia til MTV.[78]

So vert ofte rekna som det beste albumet til Gabriel og eit av dei beste albuma frå 1980-åra. Det gjorde at Gabriel ikkje lenger vart rekna som ein kultartist, men vart ei stor, internasjonal stjerne.[79] Rolling Stone plasserte So på 187. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og på 14. plassen på lista si over dei 100 beste albuma frå 1980-åra, og skreiv at «trass masseappellen, har So òg overtydande utfordringar.»[80][81] Stereogum meinte albumet var det beste Gabriel-albumet og skreiv «det femte albumet til Peter Gabriel er ein hypnotisk dikotomi: samtidig hektisk og eksperimentell; tidlaus, men krystalliserer likevel sin augneblink i historia ... Det er eit meisterverk».[82]

So fekk sin eigen episode i dokumentarserien Classic Albums og er omtalt i 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[83][84] Slant Magazine sette albumet på 41. plassen på lista si over dei 100 beste albuma frå 1980-åra.[85]

So er det bestseljande albumet til Gabriel,[86] og har oppnådd 5x platinaplate i USA og 3x platinaplate i Storbritannia. I 2002 vart So ommastra og gjeve ut på ny.[87] I 2011 vart fleire av spora frå So spelt inn på ny med orkester og gjeve ut på New Blood.[88] I høvet 25-årsjubileet til albumet i 2012, vart et gjeve ut ein avgrensa plateboks. Denne inneheld den ommastra So album, Live at Athens (1987) og eit album kalla So DNA som går gjennom produksjonen av albumet, i tillegg til nye notat, fotografi, samleobekt og dokumentarfilmen So: Classic Albums.[89] Same året la Gabriel ut på Back to Front-turneen der han spelte alle songane på So med fleire av studiomusikarar frå innspelinga.[13]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Peter Gabriel, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Red Rain»    5:39
2. «Sledgehammer»    5:12
3. «Don't Give Up» (med Kate Bush)  6:33
4. «That Voice Again»  Gabriel, David Rhodes 4:53
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
5. «In Your Eyes»    5:27
6. «Mercy Street»    6:22
7. «Big Time»    4:28
8. «We Do What We're Told (Milgram's 37)»    3:22
Bonusspor på CD- og kassettversjonane
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
9. «This Is the Picture (Excellent Birds)» (med Laurie Anderson)Laurie Anderson, Gabriel 4:25
Ommastra utgåve frå 2002
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Red Rain»    5:39
2. «Sledgehammer»    5:12
3. «Don't Give Up» (med Kate Bush)  6:33
4. «That Voice Again»  Gabriel, David Rhodes 4:53
5. «Mercy Street»    6:22
6. «Big Time»    4:28
7. «We Do What We're Told (Milgram's 37)»    3:22
8. «This Is the Picture (Excellent Birds)» (med Laurie Anderson)Laurie Anderson, Gabriel 4:25
9. «In Your Eyes»    5:27
So - 25th Anniversary Immersion Box-utgåva frå 2012
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Red Rain»    5:40
2. «Sledgehammer»    5:13
3. «Don't Give Up» (med Kate Bush)  6:34
4. «That Voice Again»    4:49
5. «Mercy Street»    6:17
6. «Big Time»    4:28
7. «We Do What We're Told (Milgram's 37)»    3:22
8. «This Is The Picture (Excellent Birds)» (med Laurie Anderson)  4:20
9. «In Your Eyes»    5:28
10. «This Is The Picture [Live In Athens 1987]»    5:57
11. «San Jacinto [Live In Athens 1987]»    7:26
12. «Shock The Monkey [Live In Athens 1987]»    6:44
13. «Family Snapshot [Live In Athens 1987]»    4:36
14. «Intruder [Live In Athens 1987]»    5:26
15. «Games Without Frontiers [Live In Athens 1987]»    5:29
16. «No Self Control [Live In Athens 1987]»    6:15
17. «Mercy Street [Live In Athens 1987]»    9:15
18. «The Family And The Fishing Net [Live In Athens 1987]»    7:08
19. «Don't Give Up [Live In Athens 1987]»    8:16
20. «Solsbury Hill [Live In Athens 1987]»    5:10
21. «Lay Your Hands On Me [Live In Athens 1987]»    6:14
22. «Sledgehammer [Live In Athens 1987]»    5:06
23. «Here Comes the Flood [Live In Athens 1987]»    2:48
24. «In Your Eyes [Live In Athens 1987]»    10:38
25. «Biko [Live In Athens 1987]»    9:38
26. «Red Rain [2012 So DNA]»    6:15
27. «Sledgehammer [2012 So DNA]»    6:30
28. «Don't Give Up [2012 So DNA]»    6:10
29. «That Voice Again [2012 So DNA]»    6:39
30. «Mercy Street [2012 So DNA]»    7:50
31. «Big Time [2012 So DNA]»    6:54
32. «We Do What We're Told (Milgram's 37) [2012 So DNA]»    5:00
33. «This Is The Picture (Excellent Birds) [2012 So DNA]»    3:58
34. «In Your Eyes [2012 So DNA]»    10:15
35. «Red Rain [2012 Remaster Vinyl]»    5:40
36. «Sledgehammer [2012 Remaster Vinyl]»    5:13
37. «Don't Give Up [2012 Remaster Vinyl]» (featuring Kate Bush)  6:34
38. «That Voice Again [2012 Remaster Vinyl]»    4:49
39. «Mercy Street [2012 Remaster Vinyl]»    6:17
40. «Big Time [2012 Remaster Vinyl]»    4:28
41. «We Do What We're Told (Milgram's 37) [2012 Remaster Vinyl]»    3:22
42. «This Is The Picture (Excellent Birds) [2012 Remaster Vinyl]» (featuring Laurie Anderson)  4:20
43. «In Your Eyes [2012 Remaster Vinyl]»    5:28
44. «Sagrada [Vinyl]»     
45. «Courage [Vinyl]»     
46. «Don't Give Up (Alternative Version Piano and Bvox mix) [Vinyl]»     
47. «This Is The Picture [Live In Athens DVD 1987]»     
48. «San Jacinto [Live In Athens DVD 1987]»     
49. «Shock The Monkey [Live In Athens DVD 1987]»     
50. «Family Snapshot [Live In Athens DVD 1987]»     
51. «Intruder [Live In Athens DVD 1987]»     
52. «Games Without Frontiers [Live In Athens DVD 1987]»     
53. «No Self Control [Live In Athens DVD 1987]»     
54. «Mercy Street [Live In Athens DVD 1987]»     
55. «Family And The Fishing Net [Live In Athens DVD 1987]»     
56. «Don't Give Up [Live In Athens DVD 1987]»     
57. «Solsbury Hill [Live In Athens DVD 1987]»     
58. «Lay Your Hands On Me [Live In Athens DVD 1987]»     
59. «Sledgehammer [Live In Athens DVD 1987]»     
60. «Here Comes The Flood [Live In Athens DVD 1987]»     
61. «In Your Eyes [Live In Athens DVD 1987]»     
62. «Biko [Live In Athens DVD 1987]»     
63. «Red Rain [So Classic Albums DVD]»     
64. «Sledgehammer [So Classic Albums DVD]»     
65. «Don't Give Up [So Classic Albums DVD]»     
66. «That Voice Again [So Classic Albums DVD]»     
67. «Mercy Street [So Classic Albums DVD]»     
68. «Big Time [So Classic Albums DVD]»     
69. «We Do What We're Told (Milgram's 37) [So Classic Albums DVD]»     
70. «This Is The Picture (Excellent Birds) [So Classic Albums DVD]»     
71. «In Your Eyes [So Classic Albums DVD]»     

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget til So. Spornummera syner til orignalutgåva.[90]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986–87) Plassering
Australske Kent Music Report[91] 5
Den austerrikske albumlista[92] 1
Den kanadiske albumlista[93] 1
Den nederlandske albumlista[94] 1
Den franske SNEP-lista[95] 12
Den italienske albumlista[96] 1
Den japanske albumlista[97] 31
Den newzealandske albumlista[98] 1
Norske VG-lista[99] 1
Den svenske albumlista[100] 2
Den sveitsiske albumlista[101] 2
UK Albums Chart[102] 1
US Billboard 200[59] 2
Den vesttyske Media Control-lista[103] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Den australske albumlista[91] 31
Den austerrikske albumlista[104] 9
Den kanadiske albumlista[105] 7
Den nederlandske albumlista[106] 13
Den franske albumlista[107] 8
Den italienske albumlista[96] 13
Den sveitsiske albumlista[108] 9
UK Albums Chart[109] 19
US Billboard 200 35
Liste (1987) Plassering
Den australske albumlista[91] 28
Den kanadiske albumlista[110] 63
Den nederlandske albumlista[111] 28
UK Albums Chart[112] 38
US Billboard 200 21

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[113] Gull 237,900[114]
Tyskland (BVMI)[115] Platina 500 000^
Nederland (NVPI)[116] Platina 100 000^
New Zealand (RMNZ)[117] Platina 15 000^
Spania(PROMUSICAE)[118] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[119] 3× Platina 900 000^
USA (RIAA)[120] 5× Platina 5 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Easlea 2013, s. 378.
  2. Nielsen Business Media, Inc (20. september 1986). «Hot 100 Singles for week ending 20. september 1986». Billboard 98 (38): 74. Henta 22. mars 2020. 
  3. All of these release dates pertain to their release in the Storbritannia,[1] except «In Your Eyes» which was released in the US in September 1986.[2]
  4. Gabriel 2012, 12:50.
  5. Gabriel 2012, 11:00.
  6. Easlea 2013, s. 246.
  7. 7,0 7,1 7,2 Easlea 2013, s. 248.
  8. 8,0 8,1 8,2 Droney, Maureen (1 May 1999). «Kevin Killen: On Recording Peter Gabriel, Elvis Costello and more». Mix. Arkivert frå originalen 14 August 2014. Henta 22. mars 2020. 
  9. Hermes, Will. «Peter Gabriel biography». Rock and Roll Hall of Fame. Henta 22. mars 2020. The album made Gabriel one of the biggest names in pop 
  10. 10,0 10,1 Moon, Tom (26. juli 1986). «Gabriel Looks For Live Sound In the Studio». Billboard. Henta 20. august 2014. 
  11. 11,0 11,1 Gabriel 2012, 42:50.
  12. 12,0 12,1 Easlea 2013, s. 255.
  13. 13,0 13,1 Google; Gabriel, Peter (22 Oktober 2012). Peter Gabriel: «Back to Front», Talks at Google (Interview). Henta 22. mars 2020. 
  14. Buskin, Richard. «Peter Gabriel «Sledgehammer»». Sound on Sound. Henta 22. mars 2020. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 Erlewine, Stephen Thomas. «So – Peter Gabriel». AllMusic. Henta 22. mars 2020. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Holmes, Tim (14. august 1986). «So». Rolling Stone. Henta 22. mars 2020. 
  17. Allen, Jim (19. mai 2016). «That Time Peter Gabriel Conquered the World with So». Ultimate Classic Rock. Henta 22. mars 2020. 
  18. Reed, Ryan (11 Oktober 2011). «Peter Gabriel: New Blood». Paste. Henta 22. mars 2020. 
  19. Bambarger, Bradley (1. juni 2002). «Vital Reissues - Peter Gabriel». Billboard 114 (22): 26. ISSN 0006-2510. Henta 22. mars 2020. 
  20. Munro, Scott (22. mars 2020). «Steven Wilson meets Bollywood in Permanating video». Team Rock. 
  21. WMMR interview, 16. juli 1986, as transcribed by Fred Tomsett in Gabriel fanzine White Shadow #2, circa 1989
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 22,4 22,5 Pareles, Jon (15. juni 1986). «Peter Gabriel Sings of Lost Egos». The New York Times. Henta 29. juli 2014. 
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 23,4 23,5 23,6 23,7 Wallace, Wyndham (30 October 2012). «Reviews: Peter Gabriel: So (Reissue)». The Quietus. Henta 22. mars 2020. 
  24. 24,0 24,1 «Album by album». Uncut. Oktober 2011. 
  25. Roberts, Chris (7. juli 2016). «Peter Gabriel - Reissues album review». Classic Rock. Henta 22. mars 2020. 
  26. 26,0 26,1 Bray, Ryan. «Peter Gabriel – So [Reissue]». Consequence of Sound. Henta 22. mars 2020. 
  27. Gabriel 2012, 05:00.
  28. Gabriel 2012, 04:18.
  29. Gabriel 2012, 18:00.
  30. Gabriel 2012, 23:30.
  31. 31,0 31,1 31,2 Rogers, Jude. «Review: Peter Gabriel So - 25th Anniversary Edition Review». British Broadcasting Company. Henta 22. mars 2020. 
  32. Easlea 2013, s. 250.
  33. Gabriel 2012, 21:25.
  34. 34,0 34,1 Easlea 2013, s. 251.
  35. Gabriel 2012, 28:30.
  36. Gabriel 2012, 29:00.
  37. Gabriel 2012, 34:20.
  38. 38,0 38,1 Atkinson, Terry (25 May 1986). «Gabriel's 'So': The Play's The Thing». Los Angeles Times. Henta 22. mars 2020. 
  39. 39,0 39,1 Easlea 2013, s. 252.
  40. Ankeny, Jason. «Passion - Peter Gabriel». AllMusic. Henta 21. august 2014. Click the Awards tab to access the record of PassionMal:'s awards. 
  41. 41,0 41,1 Easlea 2013, s. 254.
  42. Gabriel 2012, 38:40.
  43. Gabriel 2012, 40:20.
  44. Easlea 2013, s. 252–253.
  45. Capital Radio interview with Nicky Horne, broadcast 16 Mars 1980; transcribed in Gabriel fanzine White Shadow (#1, pp9-10) by editor Fred Tomsett
  46. 46,0 46,1 46,2 Easlea 2013, s. 253.
  47. Gabriel 2012, 45:00.
  48. 48,0 48,1 Gabriel 2012, 49:40.
  49. Greene, Andy (27. februar 2020). «Q&A: Peter Gabriel Reflects on His 1986 Landmark Album 'So'». Rolling Stone. Henta 22. mars 2020. 
  50. «The day 'Good' became 'So'». petergabriel.com. 2. september 2015. Henta 22. mars 2020. 
  51. Easlea 2013, s. 263.
  52. Petridis, Alexis (8. september 2013). «Peter Saville: the UK's most famous graphic designer». The Guardian. Henta 22. mars 2020. 
  53. «About So». Hypergallery. Henta 22. mars 2020. 
  54. Easlea 2013, s. 262–263.
  55. Easlea 2013, s. 262.
  56. 56,0 56,1 «Peter Gabriel singles chart history». Official Charts Company. Henta 22. mars 2020. 
  57. «Peter Gabriel top singles». RPM Weekly. Library and Archives Canada. Arkivert frå originalen 22. mars 2020. Henta 22. mars 2020. 
  58. Easlea 2013, s. 259–260.
  59. 59,0 59,1 «Peter Gabriel Awards: Billboard Singles and Albums». AllMusic. Henta 22. mars 2020. 
  60. Easlea 2013, s. 266–267.
  61. Easlea 2013, s. 269.
  62. Easlea 2013, s. 270–271.
  63. 63,0 63,1 Easlea 2013, s. 273.
  64. Easlea 2013, s. 274–276.
  65. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  66. Brunner, Rob (12. juli 2002). «Peter Gabriel: So». Entertainment Weekly: 84–85. 
  67. Mossman, Kate (6 Desember 2012). «Peter Gabriel: So (25th Anniversary 3CD Special Edition) – review». The Guardian. Henta 22. mars 2020. 
  68. Barnes, Mike (August 2016). «Peter Gabriel: So». Mojo (273): 107. 
  69. 69,0 69,1 Blake, Mark (Desember 2012). «Peter Gabriel: So». Q (317). 
  70. Easlea, Daryl (November 2012). «Peter Gabriel – So: Immersion Edition». Record Collector (407). Henta 22. mars 2020. 
  71. Considine, J. D. (2004). «Peter Gabriel». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 319–20. ISBN 0-7432-0169-8. 
  72. 72,0 72,1 Lewis, John (Oktober 2012). «Peter Gabriel – So 25th anniversary box set». Uncut. Henta 22. mars 2020. 
  73. 73,0 73,1 Christgau, Robert (5. august 1986). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 22. mars 2020. 
  74. Buckley, David (Desember 2012). «Peter Gabriel: So». Mojo (229). 
  75. «1986 Winners (29th Annual Ceremony)». National Academy of Recording Arts and Sciences. Henta 22. mars 2020. 
  76. «Veterans top Grammy nominations». The Herald. 8. januar 1987. Henta 22. mars 2020. 
  77. «The Brits 87». The Brit Awards. Henta 22. mars 2020. 
  78. Levy, Glen (28. juli 2011). «The 30 All-TIME Best Music Videos». Time. Arkivert frå originalen 223. februar 2020. Henta 22. mars 2020. 
  79. Erlewine, Stephen Thomas. «Peter Gabriel biography». AllMusic. Henta 22. mars 2020. 
  80. «500 Greatest Albums of All Time, Peter Gabriel: So». Rolling Stone. Henta 22. mars 2020. 
  81. «100 Greatest Albums of the 1980s, Peter Gabriel: So». Rolling Stone. Henta 22. mars 2020. 
  82. Reed, Ryan. «Peter Gabriel Albums From Worst To Best». Stereogum. Henta 22. mars 2020. 
  83. Gabriel 2012.
  84. Dimery 2011.
  85. Slant Staff (5 Mars 2012). «The 100 Best Albums of the 1980s». Slant Magazine. Henta 22. mars 2020. 
  86. Rosen, Craig (7 Oktober 2012). «Peter Gabriel Marks 25th Anniversary of 'So' With 3-Act Show, John Cusack Cameo: Concert Review». The Hollywood Reporter. Henta 15. september 2014. 
  87. «So». Henta 22. mars 2020. 
  88. Erlewine, Stephen Thomas. «New Blood - Peter Gabriel». AllMusic. Henta 22. mars 2020. 
  89. «So [25th Anniversary Deluxe Box set]». Henta 22. mars 2020. 
  90. So (CD liner notes). Peter Gabriel. Storbritannia: Charisma Records. 1986. PGCD 5. 
  91. 91,0 91,1 91,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. New South Wales: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  92. «Peter Gabriel – So» (ASP) (på tysk). Den austerrikske albumlista. Hung Medien. Henta 22. mars 2020. 
  93. «Top Albums/CDs - Volume 14, nr. 15». RPM. 12. juli 1986. Arkivert frå originalen (PHP) 2. mai 2014. Henta 22. mars 2020. 
  94. «Peter Gabriel – So» (ASP). MegaCharts. Henta 22. mars 2020. 
  95. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Arkivert frå originalen 20. juli 2011. Henta 22. mars 2020. 
  96. 96,0 96,1 «Gli album più venduti del 1986» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 22. mars 2020. 
  97. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på Japanese). Tokyo: Oricon. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  98. «charts.nz Peter Gabriel – So» (ASP). Recorded Music NZ. Henta 22. mars 2020. 
  99. «Peter Gabriel – So» (ASP). VG-lista. Hung Medien. Henta 22. mars 2020. 
  100. «Peter Gabriel – So» (ASP) (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 22. mars 2020. 
  101. «Peter Gabriel – So» (ASP) (på tysk). Swiss Hitparade. Henta 22. mars 2020. 
  102. «Peter Gabriel chart history». Official Charts Company. Henta 22. mars 2020. 
  103. «Peter Gabriel – So» (på tysk). Media Control. Henta 22. mars 2020. 
  104. «Jahreshitparade 1986». Den austerrikske albumlista. Henta 22. mars 2020. 
  105. «RPM Top 100 Albums of 1986». RPM. Henta 22. mars 2020. 
  106. «Jaaroverzichten 1986» (ASP) (på nederlandsk). Mega Charts. Henta 22. mars 2020. 
  107. «Les Albums (CD) de 1986 par InfoDisc» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Arkivert frå originalen (PHP) 9. februar 2012. Henta 22. mars 2020. 
  108. «Schweizer Jahreshitparade 1986». Swiss Hitparade. Henta 17. november 2011. 
  109. «Top 100 Albums». Music Week (London, England: Spotlight Publications): 25. 24. januar 1987. 
  110. «Top 100 Albums of '87». RPM. 26 Desember 1987. Henta 2. mai 2014. 
  111. «Jaaroverzichten 1987» (ASP) (på nederlandsk). Mega Charts. Henta 22. mars 2020. 
  112. «Gallup Year End Charts 1987: Albums». Record Mirror (London, England: Spotlight Publications): 37. 23. januar 1988. 
  113. «French album salstrofé – Peter Gabriel – So» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  114. «Les Albums Or». infodisc.fr (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Arkivert frå originalen 30. september 2013. Henta 22. mars 2020. 
  115. «Gold-/Platin-Datenbank (Peter Gabriel; 'So')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 22. mars 2020. 
  116. «Dutch album salstrofé – Peter Gabriel – So» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 22. mars 2020. 
  117. «New Zealand album salstrofé – Peter Gabriel – So». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 21. mars 2020. 
  118. Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1979–1990. Iberautor Promociones Culturales. 2005. ISBN 84-8048-639-2. Henta 22. mars 2020. 
  119. «British album salstrofé – Peter Gabriel – So». British Phonographic Industry. Henta 22. mars 2020.  Enter So in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  120. «American album salstrofé – Peter Gabriel – So». Recording Industry Association of America. Henta 22. mars 2020.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH