Soap Opera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Soap Opera
Studioalbum av The Kinks
Utgjeve 16. mai 1975
Innspelt August 1974 - oktober 1974
Studio Konk Studios i London
Sjanger
Lengd 37:30
Selskap RCA
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi
Preservation Act 2
(1974)
Soap Opera Schoolboys in Disgrace
(1975)
Singlar frå Soap Opera
  1. «Holiday Romance»
    Utgjeve: 11. oktober 1974 (Storbritannia)
  2. «Everybody's a Star (Starmaker)»
    Utgjeve: April 1975 (USA)
  3. «Ducks on the Wall»
    Utgjeve: 18. april 1975 (Storbritannia)
  4. «You Can't Stop the Music»
    Utgjeve: 23. mai 1975 (Storbritannia)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Blender1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Robert ChristgauC+[3]
Rolling Stone(negativ)[4]

Soap Opera eller The Kinks Present a Soap Opera er eit konseptalbum av The Kinks frå 1975. Det er det 13. albumet til The Kinks totalt.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Materialet vart opphavleg utvikla for eit live fjernsynsteater på Granada TV i 1974, som vart send med tittelen Star Maker, med Ray Davies og June Ritchie i hovudrollene, og The Kinks med live akkompagnement. A Soap Opera bestod av dei same songane og plottet me Ritchie i same rolla som på fjernsyn. Planar om ein fullskala teaterturne vart aldri noko av, men The Kinks framførte heile albumet på turné i 1975. Sjølv om albumet vart dårleg motteke, kalla Dave Thompson ei uoffisiell piratkopiplate av ein av konsertane «ei openberring».[5]

Plot[endre | endre wikiteksten]

Soap Opera er det tredje konseptalbumet til bandet i «teaterperioden» deira. Soga handlar om ein musikar kalla Starmaker som byter plass med «ein vanleg mann» kalla Norman for å forstå livet betre. Starmaker går og legg seg med kona til Norman, Andrea, og går på jobb dagen etter, og hamnar i rushet. Han arbeidar frå 9 til 5 og vitjar så puben, der han tek eit par drinkar før han går heim. Andrea møter han, og han fortel ho at «ho gjer alt verdt det». På dette tidspunktet mistar Starmaker grepet om røyndomen. Han veit ikkje kven han er lenger. Til slutt slår han seg til ro med Andrea, og aksepterer at han no berre er «eit andlet i mengda». Albumet konkluderer med at sjølv om rockestjerner forsvinn, lever musikken deira vidare.

Starmaker er ei overdriven karakterisering av Ray Davies. Han brukte ofte sitt eige namn i sceneversjonen av Soap Opera og framførte tidlegare Kinks-songar som døme på arbeidet sitt som stjerne for å forklare at han ikkje eigentleg er den «vanleg» Norman.[5]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1994 spelte Moog Konttinen inn ei finsk omsetjing av albumet som Saippuaooppera.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ray Davies

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Everybody's a Star (Starmaker)»   2:57
2. «Ordinary People»   3:49
3. «Rush Hour Blues»   4:27
4. «Nine to Five»   1:48
5. «When Work Is Over»   2:06
6. «Have Another Drink»   2:41
Side to
# Tittel Lengd
1. «Underneath the Neon Sign»   3:53
2. «Holiday Romance»   3:10
3. «You Make It All Worthwhile»   3:49
4. «Ducks on the Wall»   3:20
5. «(A) Face in the Crowd»   2:17
6. «You Can't Stop the Music»   3:12
Bonusspor på CD-utgåva frå 1998
# Tittel Lengd
13. «Everybody's a Star (Starmaker)» (singelversjon) 2:54
14. «Ordinary People» (live) 3:44
15. «You Make It All Worthwhile» (live) 4:17
16. «Underneath the Neon Sign» (live) 4:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Kinks

med:

Teknisk
  • Roger Beale - lydteknikar
  • Joe Petagno - illustrasjon
  • Pat Doyle - kunstnarisk leiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Soap OperaAllmusic. Henta 24. april 2018.
  2. [1] Mal:Webarchive
  3. Christgau, Robert. «The Kinks». RobertChristgau.com. Henta 24. april 2018. 
  4. Mendelsohn, John (3. juli 1975). «The Kinks: A Soap Opera». Rolling Stone (Straight Arrow) (RS 190). ISSN 0035-791X. Arkivert frå originalen 2. oktober 2007. 
  5. 5,0 5,1 Thompson, Dave. Soap OperaAllmusic. Henta 24. april 2018.
  6. «Moog Konttinen - discografia / soololevyt». Perunamaa.net. Henta 24. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]