Socorro-øya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Socorroøya)
Socorro
øy
Land  Mexico
Del av Revillagigedo-arkipelaget
Areal 131,861 km²
Folketal 45
Kart
Socorro-øya
18°47′04″N 110°58′30″W / 18.784444444444°N 110.975°W / 18.784444444444; -110.975
Wikimedia Commons: Socorro Island

Socorro-øya (spansk Isla Socorro) er ei lita vulkansk øy i Revillagigedo-arkipelaget, ei meksikansk øy som ligg rundt 600 kilometer utanfor vestkysten i landet ved 18 ° 48'N, 110 ° 59'W. Arealet er på 132 km². Dette er den største av dei fire øyane i øygruppa.

Øya stig bratt opp frå havdjupet som ein skjoldvulkan. Eit siste utbrot i 1993 var undersjøisk utanfor kysten frå Punta Tosca. Eit tidlegare utbrot hende 21. mai 1951; tidlegare utbrot skjedde truleg i 1905, 1896 og 1848. Den første vulkanske hendinga oppstod sannsynlegvis i 3090 f.Kr. +/- 500 år. Fjellet Evermann (spansk: Cerro Evermann) er namnet på høgste toppen, til ære for marinbiologen Barton Warren Evermann. Øya si overflata er broten opp av furar, småkratere, og mange ravinar, og dekt i lavadomer, lavastraumar og slaggkoner.

Det finst ein marinestasjon etablert i 1957, med ein folkesetnad på 250 tilsette og familiar, busette i ein landsby med ei kyrkje. Busetnaden ligg på vestsida av Bahia Vargas Lozano, ei lita bukt med ei steinstrand, ca. 800 meter austom Cabo Regla, det sørlegaste punktet på øya. Stasjonen er tent med ei hamn, ein lokal helipkopterlandingsplass og flyplassen Isla Socorro, som ligg seks kilometer nord.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Det meste av låglandet av øya er dekt med tjukk krattskog, hovudsakleg av den endemiske Croton masonii i vortemjølkfamilien og ein kaktus, sannsynlegvis Opuntia engelmannii. På den nordlege, meir fuktige sida, og på høgare område over 650 moh. finn ein rikare vegetasjon. Dette omfattar små trevekstar som Ficus cotinifolia, romhegg (Prunus serotina), og den endemiske Guettarda insularis, som ber epifyttiske orkidear.[1]

Landfaunaen er lite variert, dominert av fuglar og fråvære av pattedyr før innføring med hjelp frå menneske. Det finst endemiske artar av iguan (Urosaurus auriculatus) og ein landkrabbe, Gecarcinus planatus, som lever på øyane i heile regionen.[1]

Sauar, kattar og gnagarar blei introduserte til øya av menneske. Meir nyleg har grashoppa Schistocerca piceifrons òg etablert seg på øya.[2] I motsetnad til pattedyra på Guadalupe-øya eller Clarion-øya, har innverknaden deira på lokal flora vore mindre på Socorro-øya, men kattepredasjon har hatt ein drastisk effekt etter midten av 1970-talet,[1] og grashoppa som svermar to gonger om året skadar vegetasjonen alvorleg i denne perioden. Det har ikkje vore registrert utrydding av planteartar på Socorro; fleire fuglar har likevel blitt drastisk påverka av kattepredasjon, og eit taxon, socorrodue (Zenaida graysoni), har døydd ut i naturen.

Ikkje-endemiske landfuglar og vadefuglar førekjem for det meste som streiffuglar eller dei nyttar Socorro-øya som ein stoppestad under fugletrekket; songspottefuglen vart etablert på øya på slutten av 1900-talet.[2] Blant dei som er registrerte som nokså vanlege er herodiashegre, småspove, flekksnipe og alaskavandresnipe. I motsetnad til situasjonen på den mindre og meir isolerte Clarion-øya, synast streiffuglar å gjere ut for mesteparten av dei registrerte artane, inkludert brunpelikan, fiskeørn, vandrefalk, amerikasandlo, willetsnipe, sandløpar, belteisfugl og myrpiplerke. Det finst spekulasjonar på at grunnen til at denne lista av observasjonen er så avgrensa skuldast tilvære av raudhalevåk og kattar, som i det minste har gjort den lokale Urosaurus-øgla meir skeptisk enn slektningen sin på Clarion-øya, og kan skremme passerande fuglar frå å mellomlande på Socorro-øya.[1]

Sjøfuglar[endre | endre wikiteksten]

Socorro-øya er ein viktig hekkestad for fleire sjøfuglartar. Den noverande statusen for desse fuglane er ikkje godt kjend. I 1953 var følgjande sjøfuglartar noterte, men fleire av dei var ikkje sikkert stadfesta med hekking:[3][4]

  • Kilehalelire, Ardenna pacifica, Wedge-tailed Shearwater, Gmelin, 1789, (LC)
  • Raudnebbtropikkfugl, Phaethon aethereus, Red-billed Tropicbird, LC, Linné, 1758
  • Storfregattfugl, Fregata minor, Great Frigatebird, Gmelin, 1789, (LC)
  • Nazcasula, Sula granti, Nazca Booby, Rothschild, 1902, (LC)
  • Brunsule, Sula leucogaster, Brown Booby, Boddaert, 1783, (LC)
  • Brunnoddy, Anous stolidus, Brown Noddy, Linné, 1758, (LC)
  • Sotterne, Onychoprion fuscatus, Sooty Tern, Linné, 1766, (LC)

Endemisme[endre | endre wikiteksten]

Som den største av øyane i Revillagigedo-arkipelaget og nærare fastlandet enn Clarion, held Socorro-øya eit rikt utval av endemiske artar, hovudsakleg plantar, landfuglar og dessutan øgler. Nokre er truga på grunn av tilkomma av villkattane.[5]

Fugleartar som er endemiske til Socorro-øya:[3][4]

  • Socorrodue, Zenaida graysoni, Socorro Dove, Lawrence, 1871, (EW) Utdøydd, eit par hundre individ er tatt vare på i fangenskap
  • Socorrosmett, Troglodytes sissonii, Socorro Wren, Grayson, 1868, (NT)
  • Socorrospottefugl, Mimus graysoni, Socorro Mockingbird, Lawrence, 1871, (CR)

Fugleartar med endemiske underartar på Socorro-øya:[3][4]

  • Oceanodroma socorroensis, Townsend's Storm-Petrel, òg klasifisert som underart av stormsvale
  • Gulkronehegre, Nyctanassa violacea, Yellow-crowned Night-Heron, Linné, 1758, (LC)
  • Raudhalevåk, Buteo jamaicensis, Red-tailed Hawk, Gmelin, 1788, (LC)
  • Sporvedue, Columbina passerina, Common Ground-Dove, Linné, 1758, (LC)
  • Alveugle, Micrathene whitneyi, Elf Owl, Cooper, 1861, (LC)
  • Grønparakitt, Psittacara holochlorus, Green Parakeet, P. L. Sclater, 1859, (LC)
  • Eldparula, Setophaga pitiayumi, Tropical Parula, Vieillot, 1817, (LC)
  • Flekktovi, Pipilo maculatus, Spotted Towhee, Swainson, 1827, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Brattstrom, Bayard H. & Howell, Thomas R. (1956). «The Birds of the Revilla Gigedo Islands, Mexico» (PDF). Condor 58 (2): 107–120. doi:10.2307/1364977. 
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus graysoni. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. april 2017
  3. 3,0 3,1 3,2 Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016 
  4. 4,0 4,1 4,2 Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  5. Rodriguez-Estrella, Ricardo; Leon de la Luz, Jose Luis; Breceda, Aurora; Castellanos, Aradit; Cancino, Jorge; Llinas, Jorge (1. januar 1996). «Status, density and habitat relationships of the endemic terrestrial birds of Socorro Island, Revillagigedo Islands, Mexico». Biological Conservation 76 (2): 195–202. ISSN 0006-3207. doi:10.1016/0006-3207(95)00104-2. Henta 14. april 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Socorro-øya