Socorrosmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Socorrosmett
Socorrosmett
Socorrosmett
Status
Status i verda: NT Nær truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Gjerdesmettfamilien Troglodytidae
Slekt: Troglodytes
Art: Socorrosmett T. sissonii
Vitskapleg namn
Troglodytes sissonii

Socorrosmett (Troglodytes sissonii) er ein fugl i gjerdesmettfamilien som er endemisk for Socorroøya i Revillagigedo-arkipelaget utanfor vestkysten av Mexico. Han er òg medlem av den biologiske slekta Troglodytes som inkluderer gjerdesmett i Noreg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein mellomstor medlem av slekta, ca. 11-12 centimeter, fjørdrakta til vaksne fuglar er lys jamstelt med andre i slekta: brungrå på oversida, varmare brun lengst bak, tverrvatringa på oversida er mest umerkeleg. Strupe, bryst og underside er lys brungul, nær kvit, men mørkare bakover.[1]

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er mistenkt å vere minkande. Arten er klassifisert som nær truga.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Kroodsma, D. & Brewer, D. (2017) Socorro Wren (Troglodytes sissonii) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 23. april 2017
  2. BirdLife International (2017) Species factsheet: Troglodytes sissonii. Henta frå http://www.birdlife.org den 23. april 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]