Socorrospottefugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Socorrospottefugl

Status i verda: CR Kritisk truga

Socorrospottefugl
Socorrospottefugl

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Mimidae
Slekt: Mimus
Art: M. graysoni
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Mimus graysoni

Socorrospottefugl (Mimus graysoni) er ein kritisk truga spottefuglart som er endemisk til Socorro-øya. Øya er ein del av Revillagigedo-arkipelaget i Stillehavet, og ligg ca. 600 km vest for det mexikanske fastlandet. Også slektningen songspottefugl lever på øya.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne spottefuglen har ein storleik på gjennomsnittet for den biologiske slekta Mimus, ca. 25 centimeter i kroppslengd og vekt på gjennomsnittleg 75,5 gram. Hofuglar er litt mindre enn hannar, elles er kjønna like. Fjørdrakta er jamn brun på oversida med lysare, nesten kvit underside og mørkare striper på flankane. Drakta skil seg frå andre artar i slekta ved at det manglar kvitt på vengeband og hale.[1] Ho er meir brunleg enn til dømes hos songspottefuglar på øya som er meir grålege.[2]

Socorrospottefugl lever hovudsakleg i umodifisert låg skog ovanfor 600 moh., der han føretrekker lundar av låge vekstar av Oreopanax i bergflettefamilien og den endemiske Guettarda insularis i maurefamilien.[2] Tidlegare har dei vore utbreidde i lågare høgder.

Fuglane er generelt tilbakehaldne med å flyge, og så seint som på midten av 1900-talet var dei enno lagnadstungt uvarsame; viss dei blir pressa, dei vil heller hoppe vekk enn å ta til vengene, og om dei flyg blir det vanlegvis berre nokre få meter. Både raudhalevåk og storfregattfugl jaktar fuglar med storleik som socorrospottefugl, elles hadde ikkje socorrospottefuglar nokon fiendar på bakken i den opphavlege fauna på øya.

Føda er små virveldyr, restane av landkrabbar, større insekt og frukt. Dei beitar både på bakken og oppover i vegetasjonen, dei kan fange insekt i lufta.[1] Som mange spottefuglar er socorrospottefugl ein art som lever åleine eller saman med partnaren sin og hannar vernar om territorium over fleire sesongar.

Lætet er variert og melodiøst.

Storleiken på populasjonen er estimert til 190-280 individ til saman, trudd å vere stabil, og arten er rekna som kritisk truga av IUCN. Socorrospottefuglen er mest truga av tap av habitat som følgje av beitande villsauar og grashoppa Schistocerca piceifrons, og truleg òg predasjon av innførte kattar som kom på 1970-talet. [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Cody, M. & Sharpe, C.J. (2017) Socorro Mockingbird (Mimus graysoni) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. april 2017
  2. 2,0 2,1 2,2 BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus graysoni. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. april 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Socorrospottefugl