Sodd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sodd er ein norsk matrett frå Trøndelag. Retten minner om ei suppe og hovudingrediensane er kjøt (gjerne frå sau) og ofte kjøtbollar (frå farse) koka i kraft, tilsett gulrotbitar eller -skiver. Til sodden blir det servert potet, som er koka for seg og blir blanda i til slutt.

Sodd er ein hovudrett og blir rekna som festmat, til dømes til brudlaup, dåp eller konfirmasjon.

Sodd finst i fleire lokale variantar i Trøndelag. Mellom desse er:

  • Innheradssodd: Kjøtterningar og kjøtbollar, gulrot og potet. Gulrota blir koka saman med kjøtbollane. Ved sidan av blir det servert skjenning, eit søtt flatbrød.
  • Inderøysodd: Som innheradssodd, men gulrota er koka for seg. Krafta blir dermed mindre søt. Også servert med skjenning.
  • Orkdalssodd: Kjøt og kjøtbollar (perra), mjølbollar (auka), gulrot, kål og potet. Perrane og aukane blir etne frå djup tallerken, medan kjøtet blir ete saman med grønsakene.
  • Oppdalssodd: Kjøt, morr, mjølbollar, gulrot, kål, erter, byggryn, kålrot og potet. Soddkraft og kjøt blir servert kvar for seg.

Vanleg drikke til sodd er ingefærøl eller heimebrygga øl. Til dessert er det tradisjonelt mest vanleg med sviskegraut.