Sofa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sofa laga i Italia rundt 1835.

Sofa er ein lang benk til å liggja eller sitja på. Han har ryggstø og armlener og er stoppa i setet og i ryggen.[1] Ordet «sofa» kom i bruk i Vest-Europa på 1600-talet.[1] Det kjem frå tyrkisk, og er avleidd frå arabisk suffa, 'ull'.[2]

Sofa laga i Frankrike på slutten av 1600-talet, med gobelengstoff i silke og ull frå fabrikken Les Gobelins i Paris.
Langsofa frå Sverige, laga på slutten av 1700-talet av Johan Erik Höglander.

Det er uklare grenser mellom kanapeen og sofaen både når det gjeld namn og utforming.[1] Ein sofa kan ha to eller fleire sete som er plasserte lange ei linje eller over ein vinkel (hjørnesofa). Han har ei ramme som kan vera av tre, metall, plast eller laminat. Stoppinga kan vera skum, dun, stoff eller fjører. Ytst kan sofaen vera dekta av ulike tekstil, mjukt lêr eller kunststoff.

Sofa utforma av Finn Juhl i 1951.

Sofaen, som definert over, kom først i bruk i Noreg på 1600-talet, utforma i barokk stil. Sofaen blei særlig fint utforma på 1800-talet i empire- og biedermeierstil. Han blei meir makeleg i forma og fekk seinare i hundreåret ein avansert setestopp med spiralfjører på same måte som samtidige stolar.[1]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Sofa». Store norske leksikon. 13. september 2017. 
  2. AMHER, sofa: Turkish, from Arabic suffa, from Aramaic sippa, sippəta
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.