Soffi Schønning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Soffi Schønning
Fødd 2. oktober 1895
Kabelvåg
Død

9. september 1994 (98 år)
Sandnes

Yrke songar, operasongar

Soffi Kaarbø Schønning (fødd 2. oktober 1895 i Kabelvåg, død 9. september 1994) var ein norsk opera- og konsertsongar (koloratursopran).

Schønning studerte under Borghild Langaard i Christiania (Oslo), og under Louisa Cappiani i London. Ho gjorde sin profesjonelle operadebut i 1924. I 1928 slutta ho seg til Stockholmsoperaen der ho debuterte som Gilda i Rigoletto under leiing av Armas Järnefelt. Same året debuterte ho ved Royal Opera House i London, der ho også song i 1932-1933. Ho song også fleire gonger ved Glyndebourne Festival Opera. I 1938 debuterte ho på Nationaltheatret i Oslo som Olympia i Hoffmann. I 1940 skapte ho rolla som Ingeborg i verdspremiera av Arne Eggens Olav Liljekrans på Nationaltheatret. Same år song ho Musetta i La BohemeDet Nye Teater. Ho var spesialisert i reportuaret til koloratursopranen og mellom andre roller ho hadde kan nemnast Konstanze i Die Entführung aus dem Serail, Philine i Mignon, Nattas dronning i Tryllefløyta, og tittelrolla i Lakmé.[1]

Under andre verdekrigen hadde Schønning ein omfattande konsertserie med Waldemar Johnsen i London. Saman hadde dei meir enn hundre framføringar med norsk musikk. I løpet av denne tida gifta ho seg med redaktør Jonas Schanche Jonasen. Paret slo seg seinare ned i Sandnes, og Schønning arbeidde som sangpedagog i Stavanger fram til ho var 80. Den mest kjende eleven hennar var kontraalten Eva Gustavson. Schønning døydde 98 år gamal i Sandnes i 1994.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Soffi Schønning (1895-1994)». Norsk operahistorie.