Sofia University Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 69°26′35″S 71°23′20″W
Sofia University Mountains
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - høgd 1 500 moh.
 - koordinatar 69°26′35″S 71°23′20″W
Lengd 14 km
Administrert under Antarktistraktaten

Sofia University Mountains
69°26′35″ S 71°23′20″ W
Sofia University Mountains is located in Antarktis
Sofia University Mountains (Antarktis)

Sofia University Mountains er ei gruppe på tre små fjell nordvest på Aleksanderøya. Dei strekkjer seg over 14 km frå nord til sør og er 5,5 km breie, med ei høgd opp mot 1500 moh (Mount Kliment Ohridski).

Dei ligg sør-søraust for Havre Mountains, sørvest for Rouen Mountains, nordvest for Elgar Uplands, aust for den nordlege delen av Lassus Mountains og 6 km inn i landet frå Lazarev Bay. Ho grensar til Palestrinabreen i nord, den 8 km lange, isfyllte Poste Valley i aust, til Nichols snøfelt i søraust, og til McManusbreen i vest. Fjella omfattar Balan Ridge i nordaust og ryggen av Mount Braun i nordvest, med Yozolabreen som renn nordover mellom dei og møter Palestrinabreen.

Namnet vart gjeve til minne om hundreårsjubileet til Sofia universitet. Under den første bulgarske ekspedisjonen i Antarktis som vart organisert i dette høvet, vart nabofjella Rouen Mountains og Elgar Uplands vart vitja i februar 1988 av eit feltlag med to medlemmar frå British Antarctic Survey og to bulgarsk geologar, Christo Pimpirev og Borislav Kamenov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]