Sofiadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sofiadalen (bulgarsk: Софийска котловина, Sofijska kotlovina, eller Софийско поле, Sofijsko pole) er ein dal sentralt i det vestlege Bulgaria, kalla opp etter Sofia som ligg i dalen. Han ligg mellom Balkanfjella i nordaust, fjella Viskjar, Ljulin, Vitosja og Lozenska planina i sørvest, Vakarel i søraust og dei låge Slivnitsahøgdene i nordvest.

Etter at dalbotn vart danna vart elva Iskar blokkert og heile dalen vart ein innsjø, som danna det sand- og leiraktige jordsmonnet som no dekkjer det meste av dalen. Innsjøen forsvann då elva grov seg gjennom Balkanfjella og danna Iskarjuvet.

Sofiadalen har mange mineralkjelder, som Gorna Banja, Pantsjarevo og Bankja. Desse kjeldene og den seismiske aktiviteten kjem som resultat av forkastinga i dalen.

Utsyn over Sofia og Sofiadalen frå Vitosja. Ein kan sjå Balkanfjella i horisonten; Iskarjuvet er midten av bilete.