Sofus Arctander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sofus Arctander
none  Sofus ArctanderFoto: R. Ovesen / Oslo Museum
Sofus Arctander
Foto: R. Ovesen / Oslo Museum
Fødd 22. januar 1845

Kristiansand

Død 11. august 1924
Parti Venstre og Frisindede Venstre
1. verv Ordførar i Hadsel
 - periode 1875–1879
2. verv Indreminister
 - periode 26. juni 1884–17. februar 1888
 - regjering Regjeringa Sverdrup
 - føregjengar Jacob Stang
 - etterfylgjar Walter Scott Dahl
3. verv Handelsminister
 - periode 11. mars 1905–38. oktober 1907
 - regjering Regjeringa Michelsen
 - føregjengar Benjamin Vogt
4. verv Handelsminister
 - periode 28. oktober 1907–19. mars 1908
 - regjering Regjeringa Løvland
 - etterfylgjar Lars Abrahamsen
5. verv Handelsminister
 - periode 2. februar 1910–11. juni 1910
 - regjering Regjeringa Konow
 - føregjengar Lars Abrahamsen
 - etterfylgjar Bernhard Brænne
Wikimedia Commons: Sofus Arctander

Sofus Anton Birger Arctander (22. januar 184511. august 1924)[note 1][1][2] var ein norsk politikar, lærar og sorenskrivar. Nils Arctander var bror hans.

Som politikar representerte han partiet VenstreStortinget i fleire periodar. Han arbeidde som fullmektig og sorenskrivar i Lofoten. Han var ordførar i Hadsel 1875–1878, frå 1879 var han stortingsmann.[2]

Arctander var indreminister i Johan Sverdrups regjering (1884–88) og handelsminister i Christian Michelsens regjering frå 1905, frå 31. august til 23. september 1905 var han konstituert statsminister. Han var handelsminister i Regjeringa Løvland 28. oktober 1907–19. mars 1908 og i Regjeringa Konow 2. februar 1910–11. juni 1910.[2] Andre verv han hadde var borgarmeister i Bergen, tollskrivar i Oslo og president i Odelstinget.

Han var aktiv i Nordlendingenes Forening. I 1912 fekk han Petter Dass-medaljen.

Arctander vart 1. juli 1887 utnemnd til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden «for fortjenstfuld embedsvirksomhed».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sofus Arctander. Lokalhistoriewiki. Vitja 2017-07-03.
  2. 2,0 2,1 2,2 Sofus Arctander. Regjeringa.no. Vitja 2017-07-03.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arctander døydde på Lifjell i Telemark ein dag i august 1924. Ein kjenner ikkje datoen, da han hadde vore sakna nokre dagar da han vart funne død. Hos Lokalhistoriewiki går det fram at han forsvann 11. august og vart funne død 16. august. I artikkelen er det referanse til ein artikkel i Aftenposten frå 16. august 1924.