Soga om Torstein Vikingsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statue av Torstein Vikingssons son Fridtjof den frøkne på Vangsnes i Sogn

Soga om Torstein Vikingsson (Þorsteins saga Víkingssonar) er ei islandsk fornaldarsoge om bonden Torstein frå Sogn som òg var far til den meir kjende Fridtjof den frøkne (kjent frå Soga om Fridtjov den frøkne).

Soga om Torstein er truleg yngre enn soga om Fridtjof og overfylt av alle moglege motiv. Litteraturforskaren Finnur Jónsson hevdar at soga ut frå språklege kriterium likevel ikkje er særleg yngre enn frå tidleg på 1300-talet.

Soga handlar om Viking og sonen hans Torstein på ulike eventyr i Noreg, Sverige og heilt til India. Hovudpersonen vert rekna av Jónsson for å kunna vera ein historisk person, men historiene er opplagt fri dikting. I motsetnad til soga om Fridtjof, som vert rekna som eit av høgdepunkta i sogelitteraturen, er soga om Torstein rekna å ha mindre litterær verdi.

Soga er omsett til norsk av Jon Fosse som Soga om Torstein Vikingsson (2015).[1][2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ISBN 9788279592143
  2. Soga om Torstein Vikingsson, skald.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]