Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sogn og Fjordande fylkesbibliotek er ein eigen institusjon under Sogn og Fjordane fylkeskommune, lokalisert i Førde saman med bl.a. kulturavdelinga i fylkeskommunen.

Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane flytta i 2012 inn i nye kontorlokaler, midt i Førde sentrum i Storehagen Atrium

Fylkesbiblioteket er eit kompetansesenter som arbeider med utvikling av bibliotektenester i Sogn og Fjordane fylke. Det samarbeidar med kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar om tenester for bibliotek og skuler i fylket.

Det yter mellom anna rettleiing og assistanse, og held møte og kurs om fagområdet. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har bokbåt.

Bilioteket arbeider i samsvar med Strategisk plan for bibliotekutvikling i Sogn og Fjordane 2011-2014 [1].

«Det overordna målet i plandokumentet er å gi innbyggjarane i Sogn og Fjordane betre bibliotektenester. Vegen til dette går gjennom sterkare grad av samarbeid mellom biblioteka, fornying av kompetanse hos dei bibliotektilsette og utvikling av innhald og tenester i biblioteka.» (Erikstad, 2010). [2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Strategisk plan for bibliotekutvikling i Sogn og Fjordane 2011-2014
  2. "Endra rolle for Fylkesbiblioteket." (Erikstad,Ingebjørg, http://sfj.no, 26. oktober 2010).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]