Sogndal skisenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sogndal skisenter ligg ved Hodlekve i Sogndalsdalen i Sogndal kommune. Skisenteret har 3 heisar og 2 barnetrekk, og mange nedfarter[1].

Det er fjelløyper som blir køyrde kvar veke til Høgehaug og rundt Fjærlandssete dersom snøtilhøva tillet det. Lysløypa på 5km blir køyrt kvar dag[2][3].

Dei siste åra har det blitt investert mykje i anlegget, og det har blitt etablert hyttefelt og nytt serveringsområde ved skisenteret[4].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Løypekart», Sogndal Skisenter Hodlekve (på norsk), arkivert frå originalen 19. september 2019, henta 11. februar 2020 
  2. «Kart skisporet.no», skisporet.no, henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  3. «Opningstider», Sogndal Skisenter Hodlekve (på norsk), henta 11. februar 2020 
  4. «Framtidsplanar», Sogndal Skisenter Hodlekve (på norsk), arkivert frå originalen 25. august 2019, henta 14. februar 2020