Sohar
Sohar | |||
by | |||
Fortet i Al Hujra.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
guvernement | Al Batinah Nord guvernement | ||
Høgd | 4 moh. | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 140 006 (2010) | ||
Tidssone | Oman standardtid (UTC+4) | ||
![]() Sohar | |||
Wikimedia Commons: Sohar | |||
Sohar (arabisk صُحار, òg skrive Sohār eller Suhār) er hovudstaden og den største byen i Al Batinah Nord guvernement i Oman. Det er ein gammal hovudstad i landet og var ein gong ein viktig, islamsk hamneby,[1] Sohar er òg rekna som den mytiske fødestaden til Sinbad sjøfararen.[2]
I følgje ei folketeljing i 2010 hadde Sohar 140 006 innbyggjarara, som gjer han til den femte største byen i Oman.[3] Utviklinga av Sohar industrihamn i 2000-åra har omgjort byen til eit stort industrisenter i Oman.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Som den største byen i regionen, er det blitt hevda at Sohar er identifisert som oldtidsbyen Omana, som var nemnt av Plinius den eldre i hans Naturhistorie. Ein trur denne busetnaden har gjeve namn til Oman.[4]
Mange av innbyggjarane i Sohar kjem frå Al-Alawi-stamma.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Sohar har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med særs heite somrar og milde vintrar. Her kjem lite nedbør og meir enn halvparten av årsnedbøren kjem i februar, medan somrane er heilt tørre.
Klimadata for Sohar | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Varmerekord °C | 32.6 | 32.1 | 37.4 | 44.5 | 46.9 | 48.5 | 50.0 | 45.0 | 43.2 | 42.4 | 37.7 | 33.9 | 50 |
Normal maks. temp. °C | 24.2 | 25.3 | 27.5 | 31.9 | 36.3 | 36.9 | 36.2 | 34.7 | 34.1 | 33.0 | 29.5 | 26.1 | 31,31 |
Døgnmiddeltemp. °C | 18.9 | 19.5 | 22.4 | 26.8 | 31.0 | 32.7 | 33.0 | 31.6 | 30.3 | 27.4 | 23.7 | 20.4 | 26,48 |
Normal min. temp. °C | 12.4 | 13.3 | 16.1 | 19.6 | 23.7 | 26.2 | 28.2 | 27.1 | 24.7 | 20.4 | 16.8 | 14.4 | 12,4 |
Kulderekord °C | 5.7 | 5.8 | 6.8 | 11.2 | 16.0 | 19.7 | 22.4 | 21.4 | 17.4 | 12.0 | 8.0 | 7.4 | 5,7 |
Nedbør (mm) | 4.7 | 56.2 | 17.0 | 7.8 | 2.5 | 0.0 | 0.1 | 0.0 | 0.5 | 0.0 | 3.8 | 15.9 |
|
% relativ fukt | 72 | 74 | 72 | 65 | 63 | 70 | 77 | 80 | 79 | 73 | 72 | 74 | 72,6 |
Normale månadlege solskinstimar | 269.4 | 228.6 | 230.8 | 276.0 | 322.4 | 310.9 | 281.5 | 275.6 | 276.3 | 284.6 | 257.5 | 259.8 | 3 273,4 |
Kjelde nr. 1: NOAA (all but average maximum, 1980-1990) [5] | |||||||||||||
Kjelde nr. 2: www.world-climates.com (average maximum) [6] |
Industri[endre | endre wikiteksten]
Det vert for tida gjort store investeringar i Sohar, særleg i hamna i Sohar. Hamna vart grunnlagd i 2002 på grunn av den strategiske plasseringa nær Hormuzsundet. Ho vart driven av Sohar Industrial Port Company (SIPC). Dei noverande investeringane har passert 12 mrd. dollar.
Idrett[endre | endre wikiteksten]
Sohar Regional Sports Complex er hovudareanen for idrett i byen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sohar» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Agius, Dionisius A. (2008). Classic Ships of islam: From Mesopotamia to the Indian Ocean. Brill. s. 85. ISBN 9789004158634. Henta 5. juni 2016.
- ↑ «Tourist Information». Port of Sohar. Henta 5. juni 2016.
- ↑ «timesofoman.com». timesofoman.com. Henta 5. juni 2016.
- ↑ Encyclopedia of islam. «Oman». E. J. Brill (Leiden), 1913.
- ↑ «Majis Climate Normals 1980-1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta January 15, 2013.
- ↑ «Sohar Climate». www.world-climates.com. Henta January 15, 2013.